Men det var dissens då Høgsterett i plenum voterte: Eit mindretal på åtte dommarar meinte at Fiskeridepartementet sin handelmålte var i strid med Grunnlovas forbod mot at lover kan ha tilbakeverkande kraft.

Fleirtalet på ni dommarar meinte imidlertid at Fiskeridepartementet hadde rett til å endre lova slik at strukturkvotene som Eivind Volstad har på trålaren "Volstad" kan vare berre 25 år og ikkje til evig tid.

"Likhetshensyn tilsier at ingen har krav på tidsubegrenset adgang til å bli tildelt strukturkvote, og at alle i gruppen bør behandles likt. Rederiet hadde ingen berettiget forventning om at strukturkvotene skulle være evigvarende. Sterke samfunnsmessige hensyn tilsier at forvaltningen gis omfattende styringsmuligheter i fiskeripolitikken", heiter det i dommen som vart avsagt føremiddag.

Då Volstad slo saman sine kvotar på ein trålar hadde det kome ei lovendring som gjorde såkalla strukturkvototar tidsuavgrensa. Lovendringa var noko av det siste dåverande fiskeriminister Svein Ludvigsen frå Høgre fekk gjennom i Stortinget.

Då den raudgrøne regjeringa tok over vart ordninga reversert - slik at strukturkvotar var tidsavgrensa.

Spørsmålet Høgsetrett har teke stilling til er om ei slik lovendring kan ha tilbakeverkande kraft. Både tingretten og lagmannsretten har svara nei – at det er i strid med grunnlova. Men no har altså Høgsterett i plenum kome til motsett konklusjon - med knappast mogleg margin.

Saka har prinsipiell interesse fordi det også vil gjelde fleire andre reiarlag som har nytta seg av ordninga med strukturkvotar.

Styreleiar Tore Roaldsnes i Fiskebåt er vonbroten over dommen frå Høgsterett i dag. - Fleirtalet i Høgsterett har lagt vekt på å gi styresmaktene eit vidt handlingsrom framfor å legge til grunn prinsippet om at demokratiske vedtak ikkje skal ha tilvakeverkande kraft. Dette trur eg er i strid med rettskjensla til folk flest, seier Roaldsnes. Han er overraska over at fleirtalet i Høgsterett med dette set til sides to klare dommar i tingretten og lagmannsretten, seier Roladsnes. - Med ei så omstridt avgjerd er dommen uheldig både for staten, reiarlaget og næringa. Den nye regjeringa har i regjeringsplattforma forplikta seg til å gjere strukturkvotane tidsuavgrensa. Dette er gledeleg, og eg vonar då at vi trass denne dommen slepp fleire politiske omkampar om dette spørsmålet, avsluttar styreleiar i Fiskebåt, Tore Roaldsnes.

Les også: Fiskebåtrederne tror regjeringen vil gi evige kvoter