Det var i dag kjend at biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, snur i ordineringssaka om Hanne Marie Pedersen-Eriksen, som er homofil og som har blitt tilsett av bispedømerådet i Møre. Då smp.no møter henne på Kyrkjemøtet fredag fortel ho kvifor ho har snudd i saka.

Midttømme sa torsdag til Vårt Land at ho ikkje ville ordinere Pedersen-Eriksen på grunn planane hennar om å gå inn i eit likekjønna ekteskap, og at Pedersen-Eriksen heller ikkje vil kunne bli ordinert i eit anna bispedøme.

No har Midttømme snudd, etter å ha rådført seg med jurist Ole Herman Fisknes, og har derfor endra syn etter at han viste til regelverk som i praksis har opna for at ein prest kan bli ordinert i eit anna bispedøme.

Les også: Nektar å ordinere lesbisk prestLes også: – Denne gleda er så utruleg stor

Har vore ryddig

Midttømme meiner sjølv ho har vore ryddig i denne saka, og meiner det er viktig å følgje spelereglane i alle tilsetjingssaker.

- Det var derfor eg valde å rådføre meg med Fisknes i går kveld, for å finne ut om det var noko eg hadde misforstått, seier ho då smp.no møter ho på Kyrkjemøtet i Trondheim fredag.

- Kva reaksjonar har du fått etter at du snudde i saka?

- Det boblar over på telefonen min. Men no er eg jo på kyrkjemøtet, og har ikkje så god tid til å svare alle. Det er mange som lurar på korleis eg har det, og korleis det er å vere meg no. På Kyrkjemøtet er der fleire som har kome bort og takka meg for at eg har vore ryddig i denne prosessen.

No vil Pedersen-Eriksen få eit tilsetjingsbrev, og få åtte dagar på å svare på om ho vel å ta i mot stillinga.

- Då må ho sjølv henvende seg til ein av biskopane og søkje om ordinasjon etter faste prosedyrer, seier Midttømme.

Les også: – Lang tradisjon for ordinering i andre bispedømerLes også: – Det heile er pinleg kaotisk

Godt kjent syn på ekteskapet

- Kva er grunnen til at du sjølv ikkje vil ordinere Pedersen-Eriksen?

- Møre bispedømeråd har sidan 2007 hatt eit prinsippvedtak om å ikkje tilsetje nokon som lever i sambuarskap eller likekjønna ekteskap. Eg trur mitt syn på ekteskap er godt kjent.

Midttømme legg til at det ikkje handlar om å ikkje ville ordinere nokon som er homofile, men at det går på hennar forståing om at ekteskapet skal  vere mellom ein mann og ei kvinne.

To syn

- Det har vore sterke reaksjonar frå fleire sider i denne saka. Trur du det kjem til å få konsekvensar for kyrkja?

- Det er mange som blir opprøyrd, det skjønnar eg. Men dersom det skal vere eit reelt demokrati, vil det få utslag i at det er ulike meiningar i bispedømerådet, og blant biskopane. Vi må vise i praksis korleis vi kan leve med dei to syna.

Kyrkjemøtet

På kyrkjemøtet ser Midttømme veldig fram til hovudsaka om kyrkje, helse og livsmeistring.

- Som mange veit har eg sjølv ein kronisk sjukdom. Eg meiner at det må vere rom for folk med ulikt funksjonsnivå, og meiner det er utruleg trist med situasjonen i Danmark der det nesten ikkje blir fødd barn med Downs syndrom. Eg håpar at kyrkjemøtet kan bidra til at fleire vel å bere fram barn med funksjonshemmingar.

Hanne Marie Pedersen-Eriksen og sokneprest Arvid Helle under gudsteneste i Borgund kyrkje, første påskedag. Foto: Odin Jæger