Rolleiv Hjelle er politisk leiar for Ferjelista, som vart skipa framfor siste kommunestyreval og som fekk inn to mandat. No konstaterer leiaren at Ferjelista vart skipa på høg tid.

– Ja, og i denne saka er det tydelegvis fleire som har forsømt seg. Mellom anna Volda kommune, med sine fagre løfte for bygdene, hevdar Hjelle. Han bur sjølv på Dale i Dalsfjorden.

Betenkt

Etter at Sunnmørsposten har referert til anbodsdokumenta Møre og Romsdal fylke no har lagt ut på Doffin, er Rolleiv Hjelle klar i tale.

– Dette vert overhode ikkje akseptert. Og den nedskaleringa eg her får høyre om, er berre starten på ei endå hardare innstryping, fryktar Hjelle

– Men er det ikkje i seinaste laget å reagere no, når alt er lagt ut på offentleg anbod?

– Det veit eg ikkje. Eg har personleg vore spurd til råds i prosessen, men det eg sa kan i alle fall i kkje ha vorte teke omsyn til, konstaterer Hjelle.

Han varslar vidare kamp for ferjetilbodet, same kva fora det må skje i - og kva fristar som gjeld. Begge sambanda på Voldsfjorden, Volda - Lauvstad og Volda - Folkestad, er no for første gong tatt inn i same anbodsutlysing.

Konsesjonen vil gjelde i femårsperioden frå 2013 til 2018. Og medan Volda - Folkestad får nedgradering, vil Volda - Lauvstad gå som i dag, stadfestar planleggar Knut Arve Orten Lie i Statens vegvesen. Han vil ikkje vere med på Rolleiv Hjelle si vurdering av situasjonen.

Mykje positivt

– Nei, her er fleire ting som er positivt for sambandet. Der blir drift i 18 timar av døgnet, og ferja får beredkskapsplassering med kvilande mannskap på Folkstad om natta. Her har vi mellom anna tenkt på situasjonen også for nordfjordingar som må rekke fram til Volda sjukehus, opplyser Orten Lie.

Han kan ikkje seie noko om kva type ferje som kjem til å trafikkere Voldsfjorden dei neste fem åra.

Les fleire nyheiter frå Søre på smp.no

Aldersgrense

– Men, for første gong i slik samanheng har vi sett aldersgrense på fartøya som skal inn. Dei må vere bygde i 1998 eller seinare. Det skal sikre moderne materiell, seier han. Senioringeniør Orten Lie seier vegvesenet arbeider på direkte tinging frå fylkeskommunen med anboda.

– Vår utrekningsmodellar viser at trafikken Volda - Folkestad vil vere halvert etter at Hjartåbergtunnelen opnar neste haust. Hittil er nedgangen på litt over 26 prosent.

– Dette skulle tilseie ei 50-bilars ferje i sambandet, lik Lauvstadferja i dag. Men vi er såpass redde for å gå på ein smell med kalkylane, at vi vel å gå ut med 70 personbileiningar i den nye konsesjonen, seier Lie.

Han nemner vidare faste heil- og halvtimes avgangar som eit mål for detaljplanlegginga av sambandet.

Meir forbrukarstoff på smp.no

Nattkutt. Frå og med 1. juli komande år er det slutt på ferjeavgangane Volda - Folkestad på nattestid. Også 90-bilarsfejra «Folkestad» kan kome til å forsvinne.