Midt på dagen laurdag var detframleis ikkje gjort funn i søkt etter den truleg omkomne 12-åringen som fall iVideelva i Stryn.

Les også: Tungt for mor og lillebrorLes også: Sett inn hundar i søketLes også: – Ikkje håp om å finne guten i live

Søket i den strie elva ervanskeleg og ei redningsgruppe frå Sjoa kjem laurdag for å hjelpe til iarbeidet.

– Vi vil forsøke å demme oppelva for å redusere vassmengda, slik at ein kjem lettare til. Vi har fleirekulpar vi vil undersøke nærare og vil gjere eit nytt søk langs elvebredden medmannskap frå Røde Kors og Sivilforsvaret, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvågved Sogn og Fjordane politidistrikt til smp.no.

Også ei elveredningsgruppe fråNordfjord og ei alpin redningsgruppe frå Sunnmøre deltek i aksjonen. Søket vart teken opp att laurdagføremiddag.

Lesfleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no