Måndag gjekk Linda Sætre (45) ut i Sunnmørsposten og hevda at Kleven ikkje har teke fyll og vald på brakkeriggen i Gursken på alvor. Det var laurdag at ein mann vart arrestert og sikta for knivstikking av tre kollegaer.

Ifølgje Sætre var det fyllerop og valdsepisodar i heile sommar, og ho åtvara Kleven.

Følg smp.no på Facebook

– Feil

Grete S. Rekdal har sommarhus i Gursken, og er ein nær nabo:

– Ikkje éin gong har eg sett fyllebråk. Dette kan ikkje stå uimotsagt, seier Rekdal.

– Søstera mi var her i tre veker i sommar. Heller ikkje ho merka noko, held Rekdal fram.

Randi Myklebust har hatt daglegvarehandel rett ved verftet i 30 år.

– Det som stod om fyllebråk er heilt ukjend for meg. Eg bur her heile året, og har ikkje hatt ei vakenatt, seier Myklebust, som ikkje har bindingar til verftet utanom namnet. Ho beskriv arbeidarane som kjekke kundar i butikken sin på dagtid.

Éin episode

– Vi har same inntrykk, og har ikkje fått mykje klager, seier kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven. Ho fortel at Sætre tok kontakt med dei etter ein episode i sommar.

– Folk hadde vore høgrøsta. Alle som budde der vart kalla inn til eit møte neste dag. Eg har ikkje høyrt noko anna enn at dette ordna seg, seier Kvalsund.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

– Er det forhold som bør rettast på, og kva gjer Kleven no?

– Det vi gjer no er å ha fokus på dei som vart skadd. Dei opplevde ei dramatisk hending. I etterkant må vi sjå på om inntrykket vårt, eller det som andre har gått ut med, stemmer.

Kvalsund er oppteken av å ha eit godt forhold til naboane.

– Lokalsamfunnet vil naturleg merke at det er ein del arbeidarar her, men det er veldig lite styr med tanke på kor mange som er her, meiner Kvalsund.

Lensmannen: – Det såg stygt utForsvareren: – Knivsiktet har det fryktelig tungtLes også: Ein mann sikta i saka

Sette i verk tiltak

Søndag sette Kleven i verk tiltak for å sikre at folk skal føle seg trygge på brakkeriggen:

– Securitas går innom som en del av den faste runda, og dei skal sjå til at alt er stille og roleg.

Sunnmørsposten har prøvd å få opplyst kva slags entreprisefirma dei involverte er tilsett i. Dette er altså innleidde firma på oppdrag for verftet.

– Vi kjem ikkje til å opplyse om namn på firma no.

– Kvifor ikkje, Kvalsund?

– No er fokuset på heilt andre plassar. Vi har fokus på å ta vare på alle involverte. Eg går ikkje inn i ein diskusjon om årsak.