- Det har vore veterinær her. Søya er inne og har fått antibiotika. Ho har synlege bitt foran og bak, men eksakt kor mange bitt ho har fått er vrient å seie - dyra har jo så mykje pels. Likevel ser det ut til at det går bra med ho, og forhåpentlegvis også med ei to ufødde lamma hennar, som er venta med det første, seier Eggesbø til smp.no.

Det var tysdag denne veka at ein hund gjekk til angrep på sauane til sauebonden på Helland i Haram.

- Ein sauebonde melder at to lam er drepne av hund, og ei drektig søye skadd. Hunden er tatt i forvaring, skreiv Sunnmøre politidistrikt på Twitter.

Tok hunden medan den angreip

- Det var ein nabo som varsla meg. Han såg hunden på marka. Eg tok hunden på fersk gjerning medan den gjekk til angrep på søya, fortel Eggesbø til avisa Nordre. Han fekk fatt i hunden som han fortel då var heilt roleg, og plasserte den i eit naust før han gjekk for å hjelpe sauen.

- Hadde det ikkje vore for naboen, er eg heilt overbevist om at fuglehunden - for det var ein slik, i alle høve hadde drepe søya. Eg har rundt 70 dyr som alle skal lamme i desse dagar. Rundt 50 av dei gjekk på markane der hunden kom. Dette kunne ha vorte skikkeleg ille. Sjølv var eg ikkje langt unna hunden, likevel høyrde eg ingenting, før naboen ringde med beskjed, seier han til smp.no.

Les også: Hund skal ha drepe lam

- Kva med dei to lamma som vart funne døde. Har også dei synlege bittskadar?

- Om og kva skadar dei har er ikkje på det reine enno. Det pågår lamming, og dei to vart truleg fødde måndag ettermiddag eller natt til tysdag. Dødsårsaka kan sjølvsagt vere ei anna, likevel er det nærliggande å tru at også dei er tatt av hunden, seier Eggesbø.

Lensmann Øyvind Verpeide seier til smp.no at politiet ikkje er ferdig med etterforskinga av saka.

- Men utfrå det bonden har fortalt, om at han tok hunden på fersken i det den angreip søya samt at sauen også skal ha bittskadar, synest det å vere på det reine at hunden har angripe denne. Når det gjeld lamma veit vi førebels ikkje meir enn at også dei er funne døde, seier han.

- Kva har hundeeigaren fortalt om det som hende?

- Eigaren, som også bur i Haram, har fortalt at han var på tur med hunden og at den stakk av og i retning Ringstadsætra, seier Verpeide.

- Det er ein grunn til at det er bandtvang denne tida. Dette må folk ta omsyn til, seier han.