Kvinna som miste livet i ei trafikkulukke ved Bryggja skjærtorsdag, var Anna Cieslak (49) frå Polen.

Cieslak var mor til seks, og namnet hennar vart sleppt fri tysdag, skriv Fjordenes Tidende.

Kvinna var førar av den eine ulukkesbilen, og omkom på staden då ulukka skjedde på riksveg 15 ved Bryggja.

Den omkomne budde i Måløy og hadde vore tilsett i eit lokalt firma sidan 2009. Ho etterlet seg no seks born.

Les også: Kvinne døde i kollisjon i Vågsøy