– Å kome oss inn i yacht-marknaden har vi jobba med lenge. No har vi lukkast, seier dagleg leiar Hallvard Slettevoll i Stadt.

Og det er ingen liten yacht, dette. Super-yachten er 84 meter lang, og 20 meter brei.

Stadt har fått oppdraget av Kongsberg Maritime.

– Det er første gong Kongsberg tar oss med som sin underleverandør. Men vi har hatt Kongsberg som vår underleverandør fleire gonger tidlegare, seier Slettevoll.

Patent

Stadt vart nyleg tildelt pris for dette patenterte framdriftssystemet, på skipskonferansen Marine Propulsion i London. I fjor vart teknologien tildelt pris som den mest miljøvenlege på marknaden for elektrisk framdrift, på Offshore Support Journal-konferansen i London.

Teknologien består av eit kraftverk som går på diesel og som produserer straum. Systemet er kompakt og har stor verknadsgrad, seier Slettevoll.

Fleire segment

Frå før leverer Stadt slike system til offshorefartøy, brønnbåtar og fiskefartøy.

– Yacht er no eit nytt og viktig segment for oss. Dette er ein marknad heilt uavhengig av offshore, det er ein stor marknad, og ein prestisjefull kontrakt.

Og det kan kanskje bli enno fleire føter å stå på for Gjerdsvika-bedrifta:

– Vi jobbar med fleire nye segment, mellom anna til båtar med militært formål, seier Slettevoll.

Les meir: Kleven byggjer nok ein luksusyacht