Ferja «Ullensvang» på strekninga Hareid–Sulesund er innstilt i morgontimane onsdag, melder Vikebladet.

Dermed er C-ruta innstilt. Det betyr at ferja skal gå kvar heile og halve time.

Denne veka fekk sambandet ei tredje ferje, «Høgsfjord». C-ferja går måndag til fredag klokka 06-18. Sjå ferjetidene her (ekstern side).

Mange dagar

– Det er manøversystemet i den eine enden som er problemet, seier Inge André Utåker i Norled til Smp.no.

Problemferja Ullensvang har vore ute av drift mange dagar i år.

– Ullensvang har vore ute 18 dagar i år, seier Utåker.

Han fortel at ferjeselskapet får ei bot frå fylkeskommunen kvar gong ei ferje er ute av drift. Kontrakten har også ei øvre grense for kor mange dagar ferjene kan vere ute av drift.

– No når det er tre ferjer i sambandet, kan dei tre ferjene til saman vere ute av drift 50 dagar i året, seier Utåker.

Oppdatering:

Det blir normal drift frå klokka 09.30, melder Norled på si nettside.