Dermed blir idrettsfag lagt til Spjelkavik vidaregåande skule.

Det blir etablert eit aksjeselskap med fylkeskommunen, Spjelkavik Idrettslag og andre aktuelle samarbeidspartnarar for bygging og drift av storhallen.

Les også: Nytt skritt på vegen mot storhall

I saksframstillinga går det fram at utbygginga som Spjelkavik IL har vist fram, gir eit viktig tilskot til ålesundsregionen. Dei årlege kostnadane med eit samarbeidsprosjekt er lågare enn om fylkeskommunen  skulle byggje hall sjølve.

Les også: Spjelkavik kan få storhall

- Dersom fylkeskommunen må ta over Spjelkavik IL sine forpliktingar i aksjeselskapet, er risiko og meirkostnadane på 1.453.294 kroner vurdert  som underordna verknadane tiltaket har for ålesundsregionen, heiter det i innstillinga til saka. Spjelkavik IL har fått positiv tilsegn frå ei rekkje verksemder i området, men førebels er det ikkje gitt konkrete tilsegn om økonomisk støtte.