Sogn og Fjordane fylkeskommune har i dag fredag overdratt dei avtalte 26 prosenta av aksjane i Fjord1 til Per Sævik-familiens Havilafjord AS. Det opplyser Fjord1 i ei pressemelding.
Dermed er kontrollen i selskapet formelt overført frå fylkeskommunen til Havila.
Sævik trua med rettssak
Har brukt en milliard på Fjord1Sævik førebudde rettssak mot fylkeskommunen
– Fjord1 er eit veldrive selskap der Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore majoritetseigar heilt fram til no. Havila kjenner selskapet veldig godt etter å ha eigd 41 prosent sidan 2011. Leiinga og dei tilsette har dei siste åra gjort ein flott jobb med å snu ei negativ utvikling. Eg ser ingen grunn til at vi skal gjere store endringar i eit selskap som er så veldrive, understrekar Per Sævik.
Les også: Konkurransetilsynet stansa Fjord1-sal til Torghatten-konsernet
Les også: Sævik varsla rettssak mot fylket
Les også: Fjord1-sal ikkje lovstridig
Les også: Fjord1-rådgjevarar fekk millionløn utan konkurranse
Fylket vil vere med vidare
Fylkesordførar Følling på si side er glad for at floken mellom fylket og Havila no er løyst.
– Eg er glad denne saka no er løyst, seier fylkesordførar Jenny Følling og held fram: – Vi skal vere med som medeigar i selskapet framover i nokre år og ser fram til eit godt samarbeid med Per Sævik og Havila-konsernet.