• Sjå video frå A-ferja Tidefjord av køa på Sula-sida og Ullensvang på fjorden

SISTE: Ferja er i gang igjen frå klokka 09.30.

Berre dagen etter at ei Nordled-ferja small i kaia lengre sør på Sunnmøre, er det nye problem på eit av reierlaget sine samband.

Les også: Ferje small i kaia - ruta innstilt

Klokka 08.45 låg MF Ullensvang ute på fjorden på Sula-sida med baugen oppe. Ferja kom frå Hareid med avgang klokka 08 og fekk feil undervegs.

– Mannskapet har fått naudsystem i gang. Ferja er no i ferd med å legge til på Sulesund slik at bilane kan få køyrt av, sa regionssjef Inge André Utåker til Smp.no like før klokka 09.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

– Feilsøking er i gang. Det kan vere ein liten feil, og det kan vere ein større feil, seier Utåker, som fortel at det er brot i signala mellom brua og maskinrommet.

Både Norled og fylkeskommunen har fått mykje kritikk etter at den eldre ferja vart sett inn på det som er eit av dei travlaste ferjesambanda i Møre og Romsdal. Fylkes og reierlaget er i forhandlingar om ei tredje ferja på strekninga.

Driftsmeldingar frå Norled (ekstern side)

Den omstridde Ullensvang-ferja hadde problem tidleg onsdag på Sula-sida av sambandet. Foto: Jørn Helge Egset