Dei to omkomne som blei funnen i bilen på ni meters djup i Selje, var laurdag morgon ikkje formelt identifisert. Politiet har likevel ingen indikasjonar på at det var nokon andre enn dei to sakna tenåringane som blei funnen døde.

Held skulen ope

Både elevar og tilsette ved Måløy vidaregåande skule er i sorg etter utfallet av leiteaksjonen fredag.

Les også: Fann to omkomne etter leiteaksjon

– Dette gjekk frå vond til verre, sa rektor Karl Ottar Rundereim til lokalavisa Fjordenes Tidende seint fredag kveld.

Skulen vil halde ope frå laurdag klokka 13 og søndag klokka 18. Det vil då vere ressurspersonar til staden for oppfølging, opplyser skulen på sine heimesider.

Det er oppretta kriseteam både i Vågsøy og Florø i Flora kommune, der dei to sakna kjem frå.

(meir å lese under bilde)

Leiteaksjon Både redningsskøyta Halfdan Grieg og mannskap frå fleire Røde Kors-lag deltok under leiteaksjonen. Foto: Christina Hammervoll Cantero/Fjordenes Tidende

Skulen kontakta politiet

Den sakna 19 år gamle mannen og 18 år gamle kvinna budde på hyblar ved skulen. Det var skulen som kontakta politiet etter at elevane ikkje møtte torsdag og fredag, og familiane meldte dei sakna.

Først laurdag formiddag blir det bestemt om dei to omkomne skal obduserast, opplyser operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Då tek det lokale lensmannskontoret over etterforskinga av saka.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Politiet starta fredag undersøkingar på staden der bilen blei funnen ved Røyrvikneset langs fylkesveg 618 mellom Selje og Måløy.

(meir å lese under bilde)

Smal veg Fylkesvegen på strekninga der bilen blei funnen, er smal og går tett ved sjøen. Foto: Google Street View

Funne av dykkarar

Det var laurdag morgon for tidleg å slå fast at det er snakk om ei trafikkulukke som har skjedd langs den svingete og smale fylkesvegen. Men det var teorien til politiet heilt frå starten av leiteaksjonen.

Dei to tenåringane blei sist sett onsdag. Politiet har fått opplyst at dei skulle vise vegen frå Selje til Måløy for nokre venner, men at bilane mista kontakten undervegs.

Det var tips frå publikum om merker på ein støypekant langs vegen som gjorde at politiet leita på funnstaden. Klokka 18.23 fredag kveld blei bilen deira lokalisert av dykkarar.