Sve var onsdag ein av vertane for olje og energiminister Tord Lien, som besøkte senteret for fjelleskredovervaking i Stranda. Statsråden fekk orientering om arbeidet til senteret, og spesielt overvakinga av fjellsprekka på Åkneset i Storfjorden.

- Å fjerne vatn gjennom drenering er einaste mulegheit for å gjere noko anna enn å vente på raset, sa sjefgeolog Lars Blikra under si orientering for gjestane.

Les også: Ønsker Åknes-drenering

Men det er eit usikkert prosjekt.

- Når vi går inn i fjellet og gjer ting fysisk er det risiko for at det vert verre. Gjer vi noko gale er vi i alle fall solgt. Vi kan ikkje gå inn utan at vi er heilt trygge på kva vi gjer, sa Blinkra.

Dermed må det grundige forundersøkingar til. I Sunnmørsposten onsdag ba stortingsrepresentant Oskar Grimstad om at statsråd Tord Lien i Olje- og energidepartementet blar opp 50 millionar kroner til slike undersøkingar. Tord Lien var forsiktig med å kommentere dette utspelet, men det var ikkje Frank Sve. Den tidlegare Stranda-ordføraren har vore sentral i arbeidet med å byggje opp fjellskredovervakinga. Han er ikkje begeistra for utspelet frå Oskar Grimstad.

Les også: Ser på drenering mot ras

- Vi har tidlegare brukt mykje tid på å diskutere dette med drenering. Og vi veit at det må utgreiast nøye. Gjer vi ein einaste feil kan du utløyse eit skred, og det får store konsekvensar, ikkje minst for eit forsikringsoppgjer. Realiteten er at regjeringa, med statsministeren i spissen, må gå inn å garantere for konsekvensane. Og kor realistisk er det? seier Frank Sve.

Les også: Sjefgeologen ble rørt av «Bølgen»Filmanmeldelse: «Bølgen» er nervepirrende og velgjort

Han vil heller ha fokus på å sikre økonomien for overvakings-senteret.

- Den dagen økonomien er sikra kan vi gå vidare med spørsmålet om drenering. Ikkje no, seier Frank Sve.