Førre mandag kjempa han for livet. Badeglede blei brått snudd til fortviling.

Fares Mohamed Haitham (14) svømte i Rotevatnet då han fekk problem og kom under vatn. Fortvilte vitne kom til og forsøkte å finne han. Etter kvart kom redningsdykkarar til frå Volda brannvesen og den livlause guten blei flydd til Ålesund sjukehus. Utan puls.

No sit Fares heime i stua saman med lillebror. På besøk er óg jentene som prøvde å dykke etter 14-åringen, då han låg livlaus på sju meters djupne.

– Eg er glad, seier Fares.

Fares (14) med broren Mutaz Mohamed i bakgrunnen. Foto: Nikolas B. Farstad

Vil slappe av

Han smiler forsiktig til alle som er samla i stua. Han vart utskriven frå sjukehuset torsdag, og har fått beskjed om å slappe av dei neste to vekene.

– Det går bra med meg. Dei siste dagane har eg slappa av og kvilt.

Torsdag kom han heim frå sjukehuset. Heime venta mamma Khalida med yndlingsretten til Fares, og venene kom på besøk med blomster.

– Det var fint, seier Fares.

– Eg vil gjerne takke alle som har hjulpe meg. Alle på stranda som hjalp og legane som har behandla meg.

Badeplass Badeplassen Årneset ved Rotevatnet i Volda med badeflåten ute i vatnet. Foto: Svein Aam

Hugsar ikkje noko

Sjølv hugsar Fares ingen ting frå den dramatiske dagen. Tidlegare hadde han vore på tur med lillebroren og to kompisar, så drog dei på stranda for å bade.

– Eg vakna på sjukehuset med familien rundt meg. Dei sa at eg hadde drukna og var nede i 25 minutt.

– Kva tenkte du då du høyrde det?

– Det var veldig skummelt.

Gjenoppliving Så snart Fares var oppe frå vatnet starta redningsmannskap med førstehjelp. Foto: Magne J. Krumsvik, MJK Media

Frykta det verste

Lillebror Mutaz Mohamed (9) hugsar på sin side alt. Han hugsar at storebror var i vatnet, og gjekk under.

– Eg trudde han skulle døy, seier han.

Han er glad for å ha storebror tilbake heime. No skal storebror kvile, men om to veker kan han spille fotball igjen.

På besøk fredag er også Sara Øvstebø Dyrhovden, Johanna Vikan Bø og Julie Brænde Helle. Jentene hadde spilt volleyball då dei høyrde rop om hjelp. Det er første gong dei ser han att sidan den dramatiske dagen på stranda.

– Det er første gang vi ser han igjen, i live. Vi er utruleg letta og glade, seier Sara.

Sjølv om han låg for djupt til at dei klarte å få han opp av vatnet, var jentene med på å varsle naudetatane og vise kor han låg.

Første møte Fredag møtte Fares jentene som var med på redningsaksjonen for første gang sidan ulukka. Fra venstre: Johanna Vikan Bø, Julie Brænde Helle og Sara Øvstebø.

Var i vatnet i minst eit kvarter

Smp.no har fått opplyst frå 110-sentralen at dei fekk melding klokka 19.20 mandag 4.juli. Klokka 19.36 blei det meldt at guten var brakt på land, og gjenoppliving blei starta umiddelbart.

Innsatsen til folk på staden redda utvilsomt livet til guten.

Blei kraftig nedkjølt

14-åringen blei kraftig nedkjølt, og lå i ei stund på fleire meters djup i Rotevatnet. Det at kroppen blei nedkjølt, kan ha hatt ein beskyttande effekt som gjer at guten unngår hjerneskade.

– På generelt grunnlag kan det vere gunstig å bli kald med tanke på å unngå hjerneskade. Ved lavare kroppstemperatur går stoffskiftet ned, og det kan vere med på å beskytte hjerna, seier anestesioverlege Boris Erwied til smp.no.

Prøvde desperat å dykke ned til 14-åringen

Les om dei dramatiske minutta frå første melding

Legane: – Han ser ut til å ha vore heldig