70-80 personar møtte opp då UDI og Herøy kommune arrangerte folkemøte i Fosnavåg måndag kveld i samband med at det skal opprettast asylmottak på Runde og i Tjørvåg.

– Vi kan like det eller ikkje like det. Vi har ikkje noko anna val, sa fungerande ordførar Camilla Storøy innleiingsvis.

Blanda reaksjonar

Det har vore blanda reaksjonar på etableringa av asylmottak.

– Eg er sikker på at folk vil gjere det dei kan for å handterte situasjonen på beste måte, sa fungerande ordførar Camilla Storøy.

Også vanleg asylmottak?

Berit Tyldum frå UDI sitt Regionkontor i Midt Norge opplyste at det kan bli fleire enn dei 180 plassane, som det er gjort avtale for.

– Det har kome inn eit tilbod frå Herøy om drift av mottak for inntil 60 mindreårige asylsøkjarar, sa Tyldum.

På møtet vart det opplyst at det er gamle Herøy hotell som er aktuelt som ordinært mottak for unge asylsøkjarar.