– Dette er første gong i denne omgang at vi seier opp folk og legg skip i opplag, seier adm.dir. Njål Sævik til Sunnmørsposten.

To ankerhandterarar, Havila Mars og Havila Neptune, blir tatt ut i løpet av oktober eller november. Til saman 15 ankerhandlarar knytt til Nordsjøen vil dermed ligge i opplag.

– Dersom fleire tenker som oss, trur vi det blir nokolunde balanse i marknaden, seier Sævik og håper fleire reiarlag gjer det same.

– Innteninga i spotmarknaden er betydeleg under driftskostnadene, ifølgje Sævik.

Det er for tidleg å seie kor mange tilsette som blir oppsagt.

– Det var ikkje ei lett avgjerd, seier adm.dir. Njål Sævik til Sunnmørsposten.

Les nyheiter frå næringslivet på smp.no

Seier opp fast tilsette

Det er til saman rundt 60 tilsette på dei to båtane Havila Mars og Havila Neptune.

Njål Sævik, adm.dir i Havila Shipping.

– Vi kuttar først ein del innleigd arbeidskraft. Nokre av dei fast tilsette vil få tilbod om jobb på andre båtar, seier Njål Sævik.

– Har de vurdert å permittere dei fast tilsette?

– Nei, med dei permitteringsreglane som er, trur vi ikkje at dette løyser seg innanfor dei rammene, seier Njål Sævik.

– Blir det fleire eller færre enn halvparten som blir sagt opp?

– Det kjem an på kor mange som tar tilbodet om jobb på andre av båtane våre, seier Sævik.

Hadde håp om kontrakt i Brasil

– Det er lite aktivitet i alle regionar i verda. Gjennom heile dette året har vi hatt tre og fire ankerhandlarar i spotmarknaden. seier Njål Sævik til smp.no.

Selskapet ventar ikkje at marknaden betrar seg på kort eller mellomlang sikt.

– Havila Shipping ASA har avgjort å legge AHTS-fartøya Havila Mars og Havila Neptune i opplag. Dette vil medføre nokre oppseiingar, samt redusert behov for innleige av mannskap. Avgjerda er tatt som ei følgje av dei rådande marknadsforhold, skriv selskapet i ei pressemelding måndag morgon.

Dei to skipa blir lagt i opplag på Moltu i Herøy, der Rem Offshore i vår la to skip, Rem Provider og Rem Star, i opplag.

Alle PSV-ane har kontrakt

Havila Shipping har til saman 28 offshore servicefartøy, opplyser selskapet. 14 av desse er supplyskip, også kalla PSV-ar.

– Alle PSV-ane er per i dag på kontrakt, seier Njål Sævik.

Selskapet har fem ankerhandlarar. Dei tre andre er Havila Mercury, Havila Venus og Havila Jupiter.