Det har vore høg temperatur rundt ferjesambandet Hareid-Sulesund lenge. Spesielt har det storma rundt ferja «Ullensvang», som vart sett inn ved årsskiftet.

– Med denne ferja er vi tilbake til 70-talet, meinte fleire av passasjerane som Sunnmørsposten snakka med tysdag formiddag.

Slett så gammal er ikkje «Ullensvang». Den gamle HSD-ferja vart bygd i 1986.

– Ho er 29 år, og dermed ei dame i sin beste alder, seier mannskapet.

Overdrivne

Dei meiner problema er overdrivne.

– Ferja har ein kapasitet på 120 bilar, og det er om lag det same som den forrige ferja, seier Svein Sunde, som var på brua på «Ullensvang» i tysdag. Han er til vanleg skipper på A-ferja i sambandet, «Tidefjord», men har ekstrajobb på «Ullensvang» denne veka.

– Det tek litt lengre tid å få om bord bilane, og så er det uvant for passasjerane å parkere under dekk.  Men det er ikkje større problem med attståande bilar enn det var då «Tidesund» hadde ruta, seier Sunde

– Kva med driftproblema som har vore?

– Det har vore eit par tilfelle, men eg veit ikkje så mykje om årsaka. Og det er klart at det vert opphaussa kvar gong noko slikt skjer.

Mannskapet meiner passasjerane har vent seg til «Ullensvang», og at dei aller fleste ikkje har problem med å akseptere kravet om at dei må gå ut av bilane og inn i salongen dersom dei parkerer under hovuddekket.

– Det har roa seg, seier lettmatros Charlotte. Etternamnet vil ho ikkje ha i Sunnmørsposten. For sist ho vart intervjua om «Ullensvang» kokte det det på Facebook.

Kava seg opp

På fylkestinget har fleire politikarar kava seg opp over at det ikkje kjem ei ferje nummer tre i sambandet før tidlegast i august. Skyteskiva er ferjeselskapet Norled. Politikarane og fylkeskommunen har langt på veg seg sjølv å takke, meiner ferjeskipper Sunde.

– Det er fylkeskommunen som set krav til ferjemateriellet. Og dei godtok at «Ullensvang» vart sett inn i sambandet,  seier han.

Ei sak er ferjemannskap, passasjerar og politikarar samde om.

– Det er absolutt behov for ei ferje nummer tre. Men vi skal nok klare oss gjennom sommaren, for då er det mindre trafikk, seier Svein Sunde, skipper på «Ullensvang» og «Tidefjord.»

Gjer som meir enn 22.000 andre, følg Smp.no på Facebook

Ullensvang Foto: Staale Wattø