– Forslaget blei heldigvis ikkje vedteke, men det var fleire som ville diskutere med partigruppene sine. Det var sterke signal, og eg er ikkje trygg på resultatet, seier Monica Molvær etter møtet i utdanningsutvalet.

No lovar ho kamp fram til fylkestinget i juni, der investeringsplan for fylkeskommunale bygg blir endeleg bestemt.

Ørsta

Sparkesykkelruss mot straumen – Det er i grunnen eit skrik mot heile russetida.

Dei tre første prosjekta på lista er alle einige om, sidan dei alt er sett i gang: Romsdal vidaregåande skule, Spjelkavik vidaregåande skule/idrettshall og byggetrinn 1 ved Fagerlia. På fjerdeplass har administrasjonen lagt inn 23 millionar kroner til opprusting av Ørsta vidaregåande. Fylkesrådmannen meiner det ikkje er råd å byggje ny skule no, men vil ruste opp for å kunne bruke den gamle skulen i ti år til. Steinar Reiten (KrF) kom i møtet med framlegg om å flytte Borgund vidaregåande opp frå sjuande til fjerdeplass, for å sikre nytt bygg til elektrofag som siste åra har halde til i «brakker». Utbygginga vil koste 150 millionar kroner.

Droppe millionopprustning

Reiten vil så skubbe Ørsta frå fjerde- til femteplass, men vil droppe millionopprusting og i staden bygge ny skule for 352 millionar kroner i 2018.

– Forslaget er uforsvarleg. Det vil auke ramma med fleire hundre millionar kroner ut over rådmannen sitt forslag. Viss dette blir vedteke, vil utbygginga i Ålesund bli utsett til etter 2021. Då må vi i mellomtida bruke millionar på skulen på Volsdalsberga, og det er ikkje god økonomi, meiner Molvær som vil bruke 23 millionar kroner i Ørsta, for å kjøpe ti nye år. På Volsdalsberga vil det koste mykje meir å forlenge levetida. Om ein byggjer nytt i Ørsta no, meiner Molvær ein ikkje har råd til å bygge Ålesund videregående skole.

Sørsida

Ålesund videregående skole held i dag til på to plassar: Volsdalsberga og Latinskolen. Nybygg blir viktig for utbygging av den nye bydelen Sørsida i Ålesund sentrum.

– Utbygging her vil ha ein meirverdi, knytt til sentrumsutvikling. Det er viktig at fylkeskommunen som regional utviklingsaktør prioriterer utbygginga, meiner Molvær.Nybygget på sørsida er prioritert som nummer seks av administrasjonen. Reiten vil ha det på 10. plass, med byggestart i 2021. Prosjektet til 650 millionar kroner er inne på investeringsplanen for 2016 til 2019.

Fylkesrådmannen vil redusere omfanget og har lagt inn 300 millionar til første byggesteg.Reiten trur forslaget hans kan få fleirtal i fylkestinget, og han er ikkje einig i at det er uforsvarleg.

– Det handlar om å finne løysingar på akutte problem. I Ørsta er det like akutt som når ei ferjekai eller bru har store skader, seier han og legg til at i slike høve brukar ein å løyve ekstra pengar for å løyse krisa.

Nok plassar

Glede over «Sunnmøre Spektrum» – Etter noen få telefoner, satt vi plutselig med en million kroner.

Han meiner ein også må sjå skuletilbodet i Ålesund samla. Når prosjekta i Spjelkavik og på Fagerlia er ferdig, vil ein del elevplassar på Volsdalsberga flyttast og Ålesund vil ha nok plassar på studiespesialisering.

– Nybygg ved Ålesund videregående skole er ikkje tvingande nødvendig for å løyse elevproblematikk, seier Reiten og understrekar at KrF ikkje har teke ut skulen, men berre valt å flytte ned og noko ut i tid.Skulen blir eit viktig bidrag for å utvikle sentrum, og Reiten meiner det ikkje er ei god løysing å flytte hovudtyngda av elevar til Spjelkavik. Dette må vere ei mellombels løysing. Elles minner Reiten om at Ålesund har fått full utteljing. Fagerlia blir bygd ut for 150 millionar. I Spjelkavik blir skulen utbygd for 200 millionar og ein får flott hall.

<strong>Hastar:</strong> Steinar Reiten (KrF) meiner det hastar med utbygging i Ørsta og Borgund. Arkivfoto