Det seier Svein Henjesan i Statens vegvesen om vogntoget som blei stansa med store manglar på bremsene i ein kontroll på Kjøs i Hornindal måndag.

Vogntoget vart avregistrert og fekk køyreforbod på grunn av store manglar med bremsene, i tillegg til store oljelekkasjar og stor slitasje i hjuloppheng. På biletet over ser ein sprekkane i bremseskivene.

Overlast og dårleg sikra

Kjøs er ofte åstad for slike kontrollar. I tillegg til vogntoget med bremsefeil, fekk ein sjåfør eit gebyr på 8300 kroner for overlast. Eit køyretøy hadde sikra lasta si for dårleg og måtte sikre betre før vidare køyring.

Medan det siste vogntoget framleis står fast på Kjøs med køyreforbod. Køyretøyet må no hentast med bergingsbil eller eventuelt må sjåføren ordne opp i feila.

– Han reiser nok ikkje nokon stad på ei stund, kommenterer Henjesan.

– Vi finn jo ofte småting og finn litt feil på bremser, men det er heldigvis ikkje så ofte det er så alvorleg som i dag, seier Henjesan.

Det vanlegaste kontrollane avdekker er at sjåførane bryt reglane for køyre- og kviletid, fortel han vidare.

– Kva straff får sjåføren?

– Det blir vurdert i kvart enkelt tilfelle om vi vil melde sjåføren. Sjåføren skal jo sjekke køyretøyet og er sånn sett ansvarleg, men her må vi sjå