Det seier etterforskingsleiar Sven Åge Rønning (50) i Kriminalpolitisentralen (Kripos). Fire dagar etter drapet på Hareid sist fredag, og to dagar etter tilståinga frå den sikta i saka, er Rønning framleis i fullt arbeid - med base på Ulstein og Hareid lensmannskontor i Ulsteinvik.

Han har framles åtte medarbeidarar frå Kripos med seg, og desse arbeider igjen tett i lag med styrken på 25 politifolk frå Sunnmøre politidistrikt.

Hurtig

Etterforskingsleiaren hadde ikkje sett sine bein på Sunnmøre før han landa på Hovden klokka 19 sist fredag. Derifrå og til tysdag ettermiddag, då Sunnmørsposten fekk ein prat med Kripos-leiaren, har det gått i eitt. Mannen med 20 års fartstid i Kripos hadde døgvakt, som ein av fire i leiarturnus, då drapsalarmen gjekk på Sunnmøre sist fredag ettermiddag.

Under fem timar seinare hadde Sven Åge Rønning forflytta seg med privatbil, tog, fly og til sist lokal tenestebil, frå heimbyen Sandefjord til Hareid. Noko av det første som førstemannen frå Kripos gjorde, var å ikle seg vernedress og gå inn på åstaden for drapet.

Overblikk

– Slik gjer eg det alltid i denne type saker. Utanom tidsfaktoren med å kome i gang med etterforskinga raskast overhode muleg, er det svært viktig å oppsøkje åstaden for å få overblikk - og for å danne seg eit bilde av omstenda, fortel etterforskingsleiaren.

Deretter trekkjer han seg tilbake og held stab - koordinerer dei andre medarbeidarane frå Kripos sitt arbeid.

– Korleis opplever du samarbeidet og arbeidsforholda her på Sunnmøre?

– Begge deler er av høgste klasse. Eg har reist frå landsende til landsende i embets medfør i 20 år, men knapt nokon stad opplevd så gode arbeidsforhold som her i Ulsteinvik og Hareid, seier Kripos-leiaren.

Han meiner det lokale politiet gjorde alt rett då dei slo storalarm i denne saka.

Straks

– Etterforskingsarbeid som ikkje vert sett i gang umiddelbart på ein drapsåstad, kan vere svært vanskeleg å ta igjen.

Rønning hevdar at det som er sikra og samla inn i løpet av dei to-tre første dagane ofte viser seg å vere avgjerande.

– Difor er det også så viktig å få inn desse tidlege tipsa som politiet vil ha frå publikum. Alle bitar vert sett saman i eit stort puslespel. Og i våre dagar legg vi dette puslespelet på spesiell programvare på data, forklarer Rønning.

I gjengen han har med til Sunnmøre, er to av dei høgt utdanna data- og it-ekspertar.

– Dei digitale spora som knapt fanst då eg starta i denne jobben, har vorte mellom dei viktigaste for gjennomslag i mange saker, seier sjefen. To i teamet frå Kripos har utelukkande arbeidd på drapsåstaden på Hareid, der den drepne vart frakta ut først halvtanna døgn etter drapshandlinga.

Tøft?

– Sjølv garva spesialistar i Kripos må vel oppleve det tøft å jobbe tett på ei så blodig sak?

– Vi gjer det vi kan og det vi må for å oppklare ei sak best og snarast muleg. Seier Sven Åge Rønning, som ikkje har hatt ein feriedag i år sidan han leia etterforskinga av Lærdal-brannen.

Alt tidleg kveld på drapsdagen var Kripos på plass. Foto: Knut Arne Aarset
<strong>Samarbeid:</strong> Åstadsgranskarane frå Kripos i tett samarbeid med poltitenestemenn frå Sunnmøre. Her i arbeid sist laurdag kveld, kort tid før den drepne vart frakta bort for obduksjon. Foto: Knut Arne Aarset