Kjelda til oppdrettsfisken som hamna på kroken i Ørstaelva i helga, kan vere funnen. Eit anlegg for lakseoppdrett tilhøyrande Marine Harvest i Herøy er mellom dei næraste anlegga til vassdraget, og melde nyleg om ei rømming.
– Fisken har ifølgje meldinga rømt i samband med avlusing. Det er snakk om eit lita rømming etter at det blei oppdaga hol på nota, fortel seksjonssjef Ole-Einar Jakobsen ved forvaltingsseksjonen til Fiskeridirektoratet i region Møre og Romsdal.
Oppdrettsanlegget ligg i Rovdefjorden to-tre kilometer sørvest av øya Eika der løpet til Eiksundtunnelen går ned. Marine Harvest sjølv har meldt inn at dei trur det rømte 10-20 fisk, og Jakobsen opplyser at det ikkje er aktuelt med sanksjonar mot selskapet slik saka står no.
Ikkje DNA-testa
Etter rømminga som skjedde tysdag 9. september, var direktoratet sine folk på inspeksjon på staden onsdag 10. september.
Saka held fram under bilde
Direktoratet er óg informert om fisken som vart teken opp i samband med
i helga. Men det er ikkje muleg å seie sikkert kvar fisken kjem i frå, utan at det er gjort DNA-analyser av den.
– Enkelte av fiskane har same størrelse som den som blei rapportert rømt frå Voldnes, men vi kan ikkje seier noko sikkert, utan å vi gjer testar av fisken, seier seksjonssjefen.
Veit ikkje kvifor holet oppstod
I samband med avlusinga, vart det oppdaga eit fåtal fisk utanfor merden. Etterpå vart eit hol på ti ganger ti masker, oppdaga under inspeksjon med dykkar og undervassfarkost.
– Det er for tidleg å slå fast at fisken i Ørstaelva kjem frå vårt anlegg. Vi ser likevel svært alvorleg på slike hendingar, og jobbar heile tida for å bli betre, påpeiker kommunikasjonssjef Ola Helge Hjetland i Marine Harvest.
Meir om saka: Miljøvernforbundet melder lakserømming til politietFekk rømt laks i Ørstaelva
Saka held fram under bilde
– Kva kan gjerast for å hindre at slikt skjer igjen?
– Det kjem an på kva som har skjedd, og førebels har vi ikkje funne ut kvifor det gjekk hol på nota, fortel Hjetland.
I meldinga til direktoratet kjem det fram at truleg årsak er at ein krok eller knute på ei presenning har hekta i nota, og laga holet.
– Ikkje helseskadeleg
Fisken vart behandla med hydrogenperoksid som lakselusa ikkje toler, då rømminga skjedde. Miljøvernforbundet har meldt saka til politiet, og meiner fisken kan vere skadeleg å ete.
– Kva er din kommentar til dette?
– Det er ikkje hald i den påstanden. All fisken i anlegget var - og er - frisk. Etter at fisken er behandla, løyser hydrogenperoksiden seg opp i vatnet, og det er muleg å ete fisken med ein gong, svarar Hjetland.
Få rømmingar i Møre og Romsdal
Ole-Einar Jakobsen ved Fiskeridirektoratet seier det har vore få og små rømmingar i fylket så langt i år.
Kommunikasjonssjefen i Marine Harvest seier dei ikkje har hatt rømmingar frå andre anlegg i Møre og Romsdal så langt i år.