Politiet forsøkte avhøyre mannen laurdag, men på grunn av mannen sin helsetilstand måtte dei avbryte avhøyret. Det skriver Fjordenes Tidende.

Føraren var aleine i bilen då ulukka skjedde. Han blei hardt skada og ligg enda på sjukehus i Førde.

Sjølv om politiet enno ikkje har fått snakka med mannen om kva som skjedde ulukkesdagen, trur dei at ulukka skuldast høg fart.

Les også: Mann er alvorleg skadd

Les også: Kvinne døde i kollisjon i Vågsøy

Tre personar var involvert i ulukka. Ei kvinne døydde, og to menn blei skadd. Den eine av mennene slapp frå ulukka med mindre skadar. Alle er utanlandske statsborgarar, men bur i Vågsøy kommune.