Bente Kalsnes, stipendiat ved Universitet i Oslo, byrja samtalen med å forklare publikum omgrepet «filterboble».

-  Filterboble vil seie at til dømes Facebook og Google vel ut og viser informasjon på skjermen til brukaren ut ifrå den tidlegare internettaktiviten hans, sa Kalsnes.

Personifisering

Mange har nok merka at annonser på Facebook er retta mot deg på eit svært personleg nivå. Kanskje er det produkt du allereie har sett på ved ei tidlegare anledning, eller eit land du har lest om på internett.

- Dei (Facebook og Google) lagrar informasjon om kva du har søkt etter internett, forklarte ho vidare.

Engasjerer

Saman med Kalsnes er Finn Myrstad frå Forbrukerrådet og Ragnhild Kristine Olsen frå Amedia på scena. Dei tre snakkar lett om eit tema som engasjerar mange.

Bente Kalsnes Foto: Hege Bjørkedal

- Eg er rysta over korleis tre høgt utdanna personar kan sitte her og vere så positive når det kjem til dette temaet, sa ein mann i salen.

Mannen er tidlegare lærar, og er negativ til at Kalsnes, Myrstad og Olsen ikkje nemner blant anna Snowden under denne samtalen. Og fleire frå publikum såg ut til å vere einige.

For munter

Fleire nytta høvet til å stille spørsmål, og uttrykte samstundes at tonen til debattantane var for munter.

- Mange kvinner har skifta kjønn på Facebook, fordi den tilrettelagte annonseringa er ubehageleg, sa ei kvinne frå publikum.

Filterbobla kan på denne måten ha ei negativ effekt på sjølvbiletet, og er med på å forsterke det kraftige fokuset på kropp som vi ser i dagens samfunn.

Personvern

Finn Myrstad, som til vanleg er fagdirektør for digitale tenester i Forbrukarrådet, såg ut til å ha vanskar med å svare på korleis dette kan unngåast.

- Du må passe på at ikkje informasjonen din er offentleg ved å redigere personverninnstillingane dine. Samstundes kan du nytte private søk i den søkemotoren du bruker, slik at det blir vanskelegare å lagre søka dine, oppmoda Myrstad.

Unngjekk dei mørke sidene