Dokumentaren om Vassendgutane, «Sytalause Spelemenn», har TV2-premiere fredag kveld.

– Med andre ord i absolutt beste sendetid, seier produsenten, Roger Oldeide.

Sjå traileren til filmen over saka

– «Sytalause Spelemenn – Bestseljar mot alle odds» handlar om fenomenet Vassendgutane, som etter 20 år på vegen er eit av landets desidert mestseljande band, seier produsenten.

Filmen om Vassendgutane har premiere på TV2 fredag.

Han følgde Vassendgutane med kamera i over eitt år. Her er klipp frå både Oslo Spektrum, Countryfestival i Seljord og frå

platesleppfesten til plata «Skru opp!!

».

– Samtidig har bandet konsekvent blitt slakta av den etablerte norske musikkpressa. Etter ni plater er to høgaste terningkast, i alle fall det eg har funne. Korleis har det seg at avstanden mellom høg popularitet og plateslakt er så stor? undrar Oldeide.

Oldeide er ålesunder, men halvt ørsting, noko som kanskje var medverkande til motivet for å lage dokumentaren om bandet frå Åmdalen. Men det er ingen «blodfan» som har laga ein hyllest til Vassendgutane, understreker han.

Roger Oldeide.

– For meg har det vore viktig at ein ikkje treng ha eit forhold til Vassendgutane sin musikk for å ha glede av å sjå filmen, seier Oldeide

Filmen er ein del av mastergraden Oldeide tok i Dokumentar og journalistikk ved Høgskulen i Volda. Han kallar det ein kulturpolitisk underhaldningsdokumentar.

Som oppvarming skal vassendgut Sindre Aam på frukost-tv for å snakke om filmen. Der skal han også møte ein plateanmeldar.

– Vassendgutane er sytalause folk med humor. Dei klarte heile tida å vere seg sjølv, og dei er ikke sjølvhøgtidelege. Det blir god tv av slikt, seier Oldeide.

Følg smp-kultur på Facebook!