Roger Oldeide frå Ålesund jobbar med å sluttføre ein dokumentarfilm om det mestseljande og mest slakta bandet i Norge, Vassendgutane frå Ørsta. Det skriv avisa Møre-Nytt.

Djupt

– Eg prøver å gå i djupna på kritikken av Vassendgutane, og ser både på korleis bandet sjølv opplever kritikken og korleis musikkjournalistane grunngjev den, seier Oldeide til avisa.

Oldeide har vore tett på Vassendgutane sidan april i fjor, og han er klar på at filmen ikkje er meint som nokon hyllest til festcountrybandet frå Åmdalen.

Master

Dokumentarfilmen om Vassendgutane er ein del av Oldeide si mastergrad i Dokumentar og journalistikk ved Høgskulen i Volda.

Studenten har gjort nesten alt arbeidet sjølv, og resultatet er ein 53 minutt lang film som har premiere under Forskingsdagane 21. september.