Dette seier seniorrådgjevar Vidar Sandland i Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS)

– Den farlegaste personen på nettet er ein sjølv. Når nokon ber deg gjere noko, skal du stoppe ein tenkje litt for du klikkar OK eller let det vere, legg Sandland til.

Følg smp.no på Facebook

Gode råd

For å gjere skaden så liten som råd, bør folk ha ulike passord for ulike tenester. Men mange passord er lette å gløyme.

– Folk kan bruke eit grunnpassord og så legge inn ein liten variasjon i det alt etter kva teneste det er snakk om. Dermed misser ein ikkje kontrollen med mailen sjølv om uvedkomande kjem seg inn på Facebook-kontoen, seier han.

– Økonomiske motiv

Vidar Sandland og Hans Marius Tessem frå NorSIS var to av foredragshaldarane på tryggleiksdagen til dataselskapet Atea. Dei viste mellom anna korleis smarttelefonen din kan brukast til å ta opp lyd og bilete i rommet der du er.

– All etterretning har økonomiske motiv, men du kan også verte utsett for folk som ikkje likar trynet ditt og vil skade, seier dei.

Det er lett å ringe ei verksemd eller offentleg kontor og lure ei hjelpsam sjel som slepper B-gjengen inn på PC-en. Folk har for stor tillit til mail og sms.

Meir forbrukerstoff på smp.no

Fysisk kontroll er viktig

Folk på offentlege kontor kan sitje på følsam informasjon, og all informasjon har ein viss verdi også for utanforståande.

– Når nokon freistar å få deg til å gjere noko, skal det ringe ei bjølle, seier dei.

Interne mailar i ei verksemd er sikre, men straks den går utanfor veggene er innhaldet ope for dei som greier bryte seg inn.

God gamaldags fysisk kontroll med PC og dataanlegg er viktig. Uvedkomande kan på kort tid med ein liten plugg skaffe seg kontroll med ein PC dei ikkje har noko med, og ein hacka-pc kan verke betre enn ein som er i orden.

Mobiler sikrare enn pc

Det er ikkje råd å sjå at PC-en eigentleg er overteken av andre.

Mobiltelefonar er sikrare enn PC, men android er den mest usikre varianten. Folk kan sleppe inn skumlingar gjennom ein spel-app. Opne trådlause nett kan vere skumle.

Dagleg leiar i Atea i Ålesund, Jan Nybø, seier at mange her i distriktet er merksame på slike ting, fordi næringslivet på Sunnmøre er så internasjonalt ope.