– Eg var inne og søkte rundt på nettet, og då dukka prisen opp. Tur/retur Kreta for 98 kroner. Eg har aldri sett så låge prisar før, seier ein smp-tipsar på telefon.

Les fleire forbrukarnyheiter frå smp.no her

Eit søk på nettsidene til eit av dei store charterselskapa, viser at fredag 10. mai er det mogleg å få flybillett frå Ålesund lufthamn til Split i Kroatia eller Chania på Kreta for 98 kroner.

Då får du også returbillett heim ei veke seinare. Ifølgje nettsida er det ni ledige plassar på begge flyavgangane.

80 kroner for buss

Ein kan også kjøpe tilsvarande billettar frå Trondheim, Bergen, Stavanger og Oslo.

Til samanlikning kostar ein einvegsbillett med flybussen frå Ålesund sentrum til flyplassen 80 kroner, ifølgje nettsidene til Ålesund lufthavn, Vigra.

Følg smp.no på Facebook

– Krise i bransjen

– Solhungrige nordmenn frå heile Norge kan gjere tidenes reisekupp. Det vitnar om at det er ei krise i bransjen i mai, og turoperatørane blør pengar. Kunane har ei utruleg moglegheit no, seier dagleg leiar Jason Eckoff i restplass.no til adressa.no.

Han har aldri sett maken til prisar på dei 15 åra han har vore i bransjen.

Temperaturane i middelhavslanda er likevel ikkje heilt på Syden-nivå endå. Vêrvarsinga viser rundt 20 grader på dagtid. Det kan med andre vere lurt å pakke med seg ei jakke om du slår til.

– Skal du reise sjølv då?

– Hehe, nei, det blir nok litt for tidleg for min del, seier den blide tipsaren.

Her er beviset. 98 kroner tur/retur Ålesund- Chania.