Påska var knapt over før styringsgruppa med oslobiskopen i spissen tysdag la fram forslaget om å leggje ned ordinær kyrkjelydsdrift ved ni av 64 kyrkjebygg i hovudstaden.

Det er snakk om å leige ut kyrkjene i Oslo til andre kristne kyrkjer, og døra vert heller ikkje lukka for å selje kyrkjebygga. Vedlikehaldsetterslepet i oslokyrkjene ligg på rundt ein milliard kroner. Regjeringa arbeider med forslag til ny struktur for økonomisk støtte til trussamfunna og den finansielle framtida for Den norske kyrkja er utrygg.

Tiltaka tvingar seg fram.

Det vekkjer sjølvsagt sterke kjensler.

Tomme benkar

Det er i kyrkjene langt dei fleste av oss framleis vert døypte, konfirmerte, gifte og heldt gravferd for. Desse rituala knyter oss nært til bygga vi elles sjeldan vitjar.

I fjor fall det gjennomsnittlege gudstenestebesøket i Møre Bispedøme for første gong under 100 personar.

Biskop Ingeborg Midttømme sa det slik då Sunnmørsposten før påske omtalte statistikken:

– Folk er utruleg lokalpatriotiske. Det er ein enorm mental avstand til å gå til ei anna kyrkje enn den ein høyrer til.

Med færre prestar på jobb enn tidlegare og ferjer som ikkje går ofte nok, kan ikkje alle øyar og kyrkjer på begge sider av fjorden rekne med gudstenester kvar søndag, meiner biskopen.

Midttømme trur at travle helger – med fotballcupar, ski- og fjellturar – gjer det vanskelegare å få barnefamiliane til gudsteneste. Helgene er visst nok under press, og biskopen har tru på at gudstenester andre dagar kan trekkje nye og yngre grupper til kyrkjene.

Som om presset på kvardagane – med lekser, trening og obligatoriske korps-, teater-, musikkøvingar og kva det elles måtte vere – er noko mindre.

Utdaterte bygg

Så blir dei ståande der då, desse viktigaste kulturbygga fram til moderne tid, utan anna å ta seg til enn å minne forbikøyrande om høgtidsdagane i livet, og elles tynge dei kommunale drifts- og vedlikehaldsbudsjetta.

Praktverket «Sunnmørskyrkjene – historie, kunst og arkitektur» (2012) av kyrkjevitar Øystein Ekroll tek for seg alle 50 sunnmørskyrkjene.

Boka dokumenterer at kyrkjene her i distriktet har eit kunstnarisk og arkitektonisk mangfald som uttrykkjer heilt uvurderleg kulturhistorisk verdi. Desse verdiane må sjølvsagt vernast på aller beste vis for ettertida, og det er vanskeleg å sjå for seg dette som noko anna enn eit statleg ansvar.

Men fleire av desse kyrkjene – ganske upraktiske og utdaterte bygg frå 1800-talet – har nok snart gjort frå seg som faste møtestadar for kyrkjelydane.

Det må vere meir framtid for både eit aldrande kyrkjefolk, overarbeidde prestar og skral kommuneøkonomi at det vert sett kroken på døra for den daglege drifta og heller satsa på nyare fleirbruks- og arbeidskyrkjer.

Er dette ein debatt som Møre bispedøme er klar for?

Nye Ålesund kommune får nær 20 kyrkjer. Skal alle desse driftast vidare? På Åndalsnes – der det er planar om ny kyrkje – har spørsmålet om sal av gamle kyrkjer allereie vorte reist politisk.

På Sunnmøre er planane kome langt for ny arbeidskyrkje i Ulsteinvik og nye Hatlehol kyrkje i Ålesund. Det har stått hardt på finansieringa for begge, men sistnemnde fekk nyleg ei testamentarisk gåve på åtte millionar kroner, og prosjektet har fått ny giv.

Det gjeld berre å ha trua.