Norske 15-åringar gjer det markert dårlegare i matte, lesing og naturfag enn i 2018. Pandemi-stengde skular forklarar noko, men ikkje alt.

Brukar vi pandemien som forklaring og kvilepute, gjer vi ein stor feil. Pilene i den ferske Pisa-undersøkinga peikar nemleg brattare ned enn i landa vi bør samanlikne oss med.

Det er all grunn til å vere urolege.

«Dette kan ikke fortsette», sa kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) då rapporten frå den siste internasjonale Pisa-undersøkinga vart lagt fram tirsdag. Ho inviterer alle dei politiske partia til ein brei prosess for å få snudd utviklinga.

Det er ein invitasjon som alle bør takke ja til.

Norsk skule leverer for svake resultat til at elevane skal bli ping-pong-ballar i eit partipolitisk spel. Slik har det vore uavhengig av kven som sit med politisk makt. Resultata speglar heller ikkje at vi brukar meir pengar på skule enn andre OECD-land.

Fallet i dei norske resultata er på ingen måte i ei særklasse etter to pandemiprega år. Til dømes har det gjennomsnittlege resultatet i matematikk for OECD-landa falle så mykje som mellom PISA 2018 og PISA 2022.

Pandemiåra har sett tydelege og kanskje varige spor på barn over heile verda.

Stengde skular og lange periodar med heimeundervisning har gjort stor skade. Vi var altfor dårlege til å verne barna for negative konsekvensar både når det gjeld læring og psykisk helse. Dette er tap som mange kanskje aldri klarer å ta att.

Men heller ikkje dette er unikt for Norge, og det er ikkje slik at dei landa som stengde skulane mest har fått større fall i PISA-resultata.

Uansett kan ikkje pandemien forklare kvifor Norge saman med Island ligg på botn i Norden både på leseforståing, matematikk og naturfag. Og det forklarer ikkje kvifor dei norske resultata ligg under gjennomsnittet for OECD-landa i alle tre fagområda.

Heller ikkje at vi har hatt ei dårlegare utvikling enn dette gjennomsnittet gjennom dei siste undersøkingane. Og pandemien forklarer berre i liten grad at spriket i den norske skulen – mellom elevane som presterer best og dei som slit, aukar. Det heller ikkje åleine ei forklaring på kvifor sosioøkonomiske skilnader betyr meir for resultata enn før.

Koronavaksinane snur ikkje dette.

Norsk skule er ikkje i djup krise, og den må også målast etter andre ting enn kor godt elevane gjer det i faglege testar. Men vi kan ikkje slå oss til ro med det. Vi må vere urolege når resultata fell under OECD-snittet og skulen i mindre grad enn før klarer å kompensere for elevane sin heimebakgrunn.

Nordtun sin invitasjon må takast imot med det alvoret denne utviklinga krev.