Heller ikkje Tresfjordbrua eller Vågstrandstunnelen eller den fine og rassikre vegen som no er bygd mellom Remmem i Vestnes og Åndalsnes, hadde blitt bygd om det ikkje var eldsjeler som reiv og sleit i budsjettkronene.

Ære vere dei for framskrittet dei var med på å skape, og ære vere både entreprenørar og Statens vegvesen for ei vakker bru og ein tryggare veg.E136 er blitt kalla eksportvegen i Møre og Romsdal. Her går store delar av varetransporten frå Sunnmøre til både Austlandet og ut av landet.

Fikk du med deg denne? Bru med bom gir elbil-boom

Mesteparten går med hundrevis av vogntog kvar einaste veke. Det er snakk om milliardverdiar som blir frakta ut av eit av dei største eksportfylka i landet, og som gir inntekter tilbake. Eksportvegen er ein livsnerve, og derfor er opninga av Tresfjordbrua som statsminister Erna Solberg skal gjennomføre i dag, litt av ein milepæl i samferdselshistoria i dette distriktet.

Halvparten av kostnaden for både bru, tunnel og vegutbetringar på i alt 1,7 milliardar kroner, skal trafikantane betale gjennom bompengar. Den andre halvparten er i all hovudsak rassikringsmidlar.

Det er all grunn til å glede seg over at dei mange rasfarlege strekningane på den gamle riksvegen på sørsida av Romsdalsfjorden no er borte. Tresfjorden er ei vakker bygd, men for sunnmøringar på veg austover er det ikkje noko stort sakn at ein no vil sleppe å køyre rundt Tresfjorden.

Mykje står att før eksportvegen er god nok. Både strekningar i Romsdalen og strekningar i Lesja treng utbetring, og også desse prosjekta vil trenge sine eldsjeler før dei blir prioriterte. Det bør vel ligge ein ambisjon om å føre meir gods over til sjøtransport, og det burde vere lettare å få til frå hamna i Ålesund enn frå hamna i Oslo eller Göteborg.