Svært mykje skal til for at Helseplattformen ikkje blir innført ved sjukehusa i Møre og Romsdal siste helga i april. Det skjer trass i stor skepsis og motstand frå ein stor del av dei tilsette i Helse Møre og Romsdal.

Dei meir enn 6.000 tilsette må difor bu seg på ein ny arbeidskvardag.

Overgangen vil bli tøff for alle i førstelinja. Ansvaret for å gjere dette leveleg kan ikkje leggast på dei.

Styrevedtaket onsdag om å innføre Helseplattformen frå 27. april som planlagt, kom ikkje som ei bombe, sjølv om også leiinga og styret i føretaket er urolege. Presset for å følgje planen er stort.

Ikkje berre fordi Helse Midt-Norge har lagt ned stor prestisje og milliardarsummar i prosjektet.

Ei utsetjing vil også i seg sjølv bli svært krevjande og kostbart. I tillegg vil ei utsetjing på eitt eller anna vis kunne kome i konflikt med innflyttinga i og innkøyringa av det nye sjukehuset på Hjelset i Molde (SNR).

Motstanden blant dei tilsette mot å innføre Helseplattformen no er forståeleg. Dei har både sett og lært av det som har skjedd ved St. Olavs hospital. Føretaket er ramma økonomisk, og ventetidene auka sterkt. Til dømes auka ventetida for nytilviste pasientar frå 57 til 77 døgn i fjor.

Å drive med høg risiko og så stor ekstrainnsats over lang tid har også vore tøft for både leiarar og tilsette.

Det tar på å ha ansvar for pasienttryggleiken og arbeidsmiljøet utan å kunne påverke ein så viktig faktor som Helseplattformen har vore, er belastande. Situasjonen har vore bekymringsfull gjennom heile 2023. Driftssituasjonen er enno ikkje «normal», 18 månader etter innføringa.

For Helse Møre og Romsdal står utfordringane i kø. I tillegg til innføringa av Helseplattformen har føretaket to store bygge- og organisasjonsprosjekt i det nye sjukehuset i Molde (SNR) og det nye AIO-bygget ved Ålesund sjukehus, samtidig som føretaket kan hamne i ei økonomisk hengemyr.

Prognosane så langt peikar mot eit underskot på 300 millionar.

Det er alvorleg, og vil krevje tiltak som ville vore tøffe nok utan innføringa av Helseplattformen.

Helseplattformen er komen for å bli. Sjølv om det skulle vise seg at den aldri får den positive effekten på arbeidsflyt og effektivisering som den vart seld inn som, vil dette vere det systemet som tilsette i Helse Møre og Romsdal må bruke i mange år framover.

Dei som har ansvaret her er leiinga og styret i Helse Midt-Norge. Ein ting er å ha ansvar, noko anna er å ta det. No må Helse Midt-Norge også syne at dei kan det siste – og stille med naudsynte ressursar.

Erfaringane frå St. Olavs hospital gir dessverre avgrensa håp om det.