Norge var pådrivar for signeringa av den globale naturavtalen i 2022. Avtalen skulle ikkje berre stoppe naturtapet, men også reversere det innan 2030.

Dette var for to år sidan.

Måndag kom Naturrisikoutvalet sin rapport. Den fortel med klar tale om omfanget av naturtap i Norge. Regjeringa sitt syn er derimot knapt til å fatte.

Utbygging av vegar er en av de største syndarane bak naturtapet i Norge. Foto: NTB

«Vi må bygge ned enda mer norsk natur!». Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) er krystallklar i intervjuet VG publiserte søndag.

«Alle inngrepene har vært verdt det», seier han om inngrep NRK har dokumentert i serien «Oppsynsmannen».

«En god julegave til klodens barn». Det sa Espen Barth Eide (Ap) etter at han i 2022 hadde bidratt sterkt til å få gjennom den globale naturavtalen.

Avtalen som skal stoppe det globale naturtapet, vart signert på overtid i Montreal etter årevis med forhandlingar.

Naturrisikoutvalet sin rapport fortel om eit omfattande tap av villmark og inngrepsfri natur. Vi har tapt nær 90 prosent av det som var karakterisert som villmarksprega område ved starten av 1900-talet.

Tapet går føre seg framleis. I åra frå 1988 til 2018 vart områda med inngrepsfri og villmarksprega natur redusert med 9.800 kvadratkilometer. Det er like mykje som 70 prosent av landarealet i Møre og Romsdal.

Vegbygging, kraftanlegg og hyttebygging er blant dei største syndarane.

Rapporten fortel også at det i eksisterande planverk er lagt opp til vidare nedbygging av over 2.000 nye kvadratkilometer – eit areal på storleik med Vestfold. Dette er berre det vi vil bruke til bustadar, hytter og næringsareal.

Areal til samferdsel, idrett og energianlegg og liknande kjem i tillegg.

Norge har eit stort areal og eit lite folketal. Likevel fører våre inngrep til ei stadig aukande fragmentering av økosystem, auka klimautslepp og tap av både plante- og dyreartar.

Sjølv om ikkje det enkelte hyttefeltet eller den enkelte vegen betyr store inngrep, er den samla belastninga stor.

Pollestad hadde ikkje lese rapporten frå Naturrisikoutvalet då han gav intervjuet til VG. Han skal likevel ha vore uhyre dårleg orientert om han ikkje forstod kva som ville kome.

Utspelet i VG ser difor ut som «ein finger» til Barth Eide (Ap) sin internasjonale triumf som klima- og miljøminister.

Politisk er dette eit signal om at det er grenser for kor langt Sp vil vere med på å ofre skogbruket eller arealstore distriktskommunar sine interesser på naturvernet sitt alter. Spriket mellom Sp og delar av Ap er her så stort at samarbeidet rundt «Kongens bord» ser meir ut som ein studiesirkel enn ei regjering.