Aina Hauge, leier for Raudt i Møre og Romsdal hadde nyleg eit stykke om dette emnet. Ho meinte at regnbogeflagget signaliserer tryggleik, men det er ikkje alle som er einige i. Ho fortel om sin lesbiske bakgrunn og at ho måtte rømme til Oslo i eksil for mange år sidan.

Det er sjølvsagt trist at lesbiske og homofile føler seg forfølgde og trakasserte, men det skulle ikkje vere nødvendig med desse regnbogeflagga over alt. Vi er mange som misliker dei. Flagget har seks fargar og manglar fargen indigo som er kalla Guds farge.

Regnbogen har sin bakgrunn frå 1. Mosebok 9 i Bibelen. Gud sette regnbogen på himmelen som eit teikn på at han aldri skulle sende ein vassflaum over heile jorda for å døma synda. Regnbogen hadde sju fargar som er eit bilde på det guddommelege.

Seks står for det menneskelege og dyriske. På hamna i Volda vaia tre store Pride-flagg. Då var det nokon som sa 6-6-6. Det står for Antikrist. Alt skal no vere tillate og ingen ting er synd lenger, men der er ein Gud som dømmer!

Når ein ser regnbogeflagget vert ein minna om Rosa kompetanse. Det er ille at skolebøkene no vert omskrivne og at gutar og jenter skal føle om dei verkeleg har det rette kjønn. No er det på tide at foreldre vaknar og går imot dette. Borna våre må ikkje verte hjernevaska med falsk indoktrinering!

Vi har nok med det norske flagget i raudt, kvitt og blått. Dei fleste nordmenn ynskjer framleis kristendommen som sin religion, og ikkje den nye religionen som FRI og regnbogeflagget står for. La oss kjempe for fridomen som vi har her i landet og som vi kan takke Gud og evangeliet for.