Det har ofte vore debatt om fråværsgrensa då den blei innført i 2016. Hensikta var at fråværet skulle gå ned og at fleire elevar skulle fullføre vidaregåande utdanning. Denne debatten har kome opp igjen og opp igjen og ungdommen er stadig ueinige om vi skal behalde den eller ikkje. Rød Ungdom for eksempel meiner at fråværsgrensa skapar ein dropout-skule.

Etter at fråværsgrensa blei innført i 2016 har den påverka norske elev sitt oppmøte på skulen drastisk. Fråværet til ein gjennomsnittselev har gått ned med heile 27 prosent frå åra 2015/2016 til 2020. Dette er eit fantastisk steg framover for å senke fråværet på vidaregåande skule. Etter pandemien har fråværsgrensa begynt å stige igjen, men folk som fullfører vidaregåande skule held fram med å stige. Dette er veldig positivt å sjå at sjølv etter ei så hard tid som pandemien, så klarer folk å møte opp og fullføre vidaregåande skule.

Elevane har fått betre karakterar etter innføringa. Når elevar føler på eit større push til å møte opp på skulen, lærer dei meir. Dei får med seg meir av det som skjer på skulen og gjer at dei kan enda meir når det kjem vurderingar. Elevar har forbetra karakterane sine med 5,5 % eller 11,1 % i snitt. Dette kan vere bevis på å møte opp oftare fører til økt læring og forbetra karakterar.

Skulen førebur oss på framtida vår. Når vi skal ut av vidaregåande skule må vi velje kvar vi skal, om det er eit år i militæret, jobb, høgare utdanning osv. For mange er det høgare utdanning eller jobb. Der må ein møte opp. Om det handla om å få med seg viktig informasjon eller om det er for å passe på at ein behalde jobben. For det er ikkje slik at ein kan berre ikkje dukke opp utan å seie ifrå eller utan å ha god grunn. Det er reelle konsekvensar med å ikkje møte opp. Visst vi ikkje gjer det lettare for våre unge å tilpasse seg dette på vidaregåande skule blir det eit veldig vanskeleg hopp som kan skape store problem for dei i framtida.

Ein kan sjå at fråværsgrensa fører til at fleire og fleire fullfører vidaregåande skule, og at fråværet har gått ned sida den blei innført. Ein lærer meir av å vere på skulen og får betre karakterar og ein får ei betre tilpassing til arbeidslivet og høgare utdanning. Eg tenkjer at vi burde vidareutvikle fråværsgrensa enda meir sånn den kan bli betre, og få enda fleire til å fullføre vidaregåande opplæring.