Bør Ålesund styrkja seg som sentrum for Sunnmøre? Og bør Ålesund samstundes setja Sunnmøre i sentrum?

Svarar du som veljar eller politikar ja på dei siste to spørsmåla, fører det med seg å seia ja til Ålesund som nynorskkommune. For just som Oslo er det absolutte senteret for bokmål her i landet, er Sunnmøre eit svært viktig sentrum for nynorsk. Det er kjensgjerningar. Ålesund må stå saman med Sunnmøre om nynorsk, fordi det styrkjer Ålesund og Sunnmøre som sentrum og fellesskap.

Å ha offisiell status som nynorskkommune inneber elles to enkle ting for Ålesund:

  1. Ålesund kommune avgjer politisk korleis kommunen skal bruka nynorsk. Hovudregelen i dag er at fellestekstane som representerer kommunen, skal vera på nynorsk. Slik bør det halda fram. Det inneber at Ålesund meiner noko handfast og praktisk med å vera nynorskkommune, gjerne i samarbeid med nynorskkommunane elles på Sunnmøre. Samstundes er det opna for at ein i dag kan eller skal bruka bokmål i andre samanhengar i Ålesund kommune.

  2. Statsorgan og fylkeskommunar har plikt til å bruka nynorsk i dokument som er skrivne til eller gjeld Ålesund kommune. Det går fram av lov om språk (språklova) § 15.

Det fører med seg ein språkleg fellesskap med resten av nynorskkommunane på Sunnmøre.

Å vera saman om nynorsk kan vera med på å skapa nye politiske sentrum for distrikta og regionane, til dømes for byen og bygdene i ein viss region i Møre og Romsdal. Vil du som les dette, gje ei røyst for både Ålesund og Sunnmøre? Då må du i kommunestyrevalet i Ålesund 11. september velja deg eit parti som ser kor utruleg viktig det er at Ålesund held fram med å ha offisiell status som nynorskkommune.