Dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal fylke er økonomisk ribba til beinet, og det er berre skjelettet som står igjen. Det er varsla nye innstrammingar og kutt i skulesektoren.

Nye kutt vil ramme skjelettet og sjølve beinstrukturen. Kva for bein skal innsparingane ramme først? Eit ribbein, eller to? Ein fot? Skal det kuttast over eller under kneet? Kvar smertar det minst? Alle som har ein minimum kunnskap om anatomi og skjelettet si oppbygging, skjønar raskt at skjelettet snart ramlar saman om det ikkje raskt vert sett i verk tiltak.

Slik er situasjonen også for alle dei vidaregåande skulane i fylket. Gjennom fleire år har skulesektoren gjennomført smertefulle kutt for å halde seg innanfor dei allereie små budsjettrammene. Terskelen for smerte er nådd, og det vil ikkje vere mogleg å drifte skulane på ein forsvarleg måte dersom sektoren skal rammast igjen.

Vi må vere så ærlege å innrømme og erkjenne at samferdsel har, gjennom fleire år, fått ein stor del av den økonomiske fordelingskaka. Skulane blir bedne om å stramme inn, og opplever å stå igjen med smular. Kven er det som blir ramma? Det er i fyrste omgang elevane, ungdommane som no og framover skal drifte berekraftsfylket Møre og Romsdal. Vi er berekraftsfylket med grunnlag i FN sine 17 berekraftsmål. Merk: Nr. 4 «God utdanning». Kutt i rammene og overføringar fører ikkje til god utdanning, og det vil sjølvsagt ramme dei svakaste elevane. Nr. 16 «Fred, rettferd og velfungerande institusjonar». Svikt.

Kutt i rammene til dei vidaregåande skulane er ikkje lenger berekraftig. Nr. 11 «Berekraftige byar og lokalsamfunn». Kva skjer med eksportfylket Møre og Romsdal dersom ein igjen kuttar i rammene til dei vidaregåande skulane? Vi eksporterer den viktigaste kapitalen vi har, ut av fylket, nemleg ungdommane. Til dei av innbyggarane i fylket som trur at kutt i skulesektoren ikkje vil ramme dei, så tenk igjen. Kven skal forsyne næringslivet med godt kvalifisert arbeidskraft om ikkje skulane skal gjere det? Kven skal ta seg av den aldrande befolkninga i Møre og Romsdal når ungdommane vert sende i ekspressfart ut av fylkesgrensene fordi dei skjønar at ingen vil satse på dei?

Er det viktigare med gratis ferje, skinande svart asfalt og majestetiske bruer? Eg er ikkje i mot verken asfalt eller bruer, og eg veit at velfungerande infrastruktur er viktig. Men, ingen i Møre og Romsdal fylke verken kan eller bør tole at samferdsel og utdanning vert sett opp mot kvarandre, igjen. Der står ingen vinnar att dersom fylkespolitikarane igjen vel å drage ostehøvelen over dei vidaregåande skulane. Politikarane må leite andre stadar enn i dei vidaregåande skulane når dei vil få budsjettet til å gå i balanse. Ver så årvakne at dokker ikkje asfalterer fylkesvegane med skjeletta av dei vidaregåande skulane.