Vi var mange i Skodje, Ørskog og Sandøy som syntest det var stas å verte ein del av Ålesund, verdas største nynorskkommune. Den nye kommunen vår skulle kommunisere med oss på det språket dei fleste av oss er opplærte i, og som eit fleirtal av oss kjenner oss trygge med og brukar kvar dag. Sjølv om både kommunenamnet og kommunevåpenet er nytt, er i alle fall språket det som gjer at vi kjenner oss velkomne og integrert i den nye kommunen.

Ei rekkje politikarar med adresse innanfor bygrensene går inn for å reversere dette språkvedtaket. «Språknøytral» kallar dei det. Alle veit kva det betyr. Meldingar frå kommunen til oss kjem til å kome på det språket fleirtalet i byen er opplærte til å bruke. Slik får dei oss i Skodje, Ørskog og Sandøy til å kjenne oss som utkantar, «kulturskatt», og lite integrerte.

Det er å vone at forstandige høgrefolk engasjerer seg og får stoppa dette framlegget. Heller bør dei arbeide vidare for å sveise saman den nye kommunen, slik at også vi i dei nye kommunedelane kan kjenne oss som ein del av det nye laget.

Kva «språknøytral» betyr i praksis fekk vi eit godt døme på i formannskapet denne veka: Saka gjaldt namnet på vassbehandlingsanlegga i kommunen. Her gjekk Høgre sin ordførarkandidat på talarstolen og foreslo bokmålsordet «vannbehandling» i staden for «vassbehandling» som er tillaten skriftform i både bokmål og nynorsk.