Dei må leve opp til dei stereotypiske kjønna. Jenter skal vere søte og forsiktige, medan gutar skal vere tøffe og ta meir plass.

Kjønnet ditt er med på å forme livet ditt på grunn av dei sosiale forventningane. Kvifor vert fyrsteklassingane, i 2023, framleis delt inn etter kjønn på fotballtrening? Kvifor blir laga i gymtimane ofte delt inn etter gutar og jenter? Eg trur forventningar er svaret. Mange ser framleis på jenter som det ‘’svake kjønn’’. Dei biologiske forskjellane mellom kjønna er veldig små, det er dei sosiale forskjellane som samfunnet lagar som er dei største.

I dei største avisene i Noreg er 25 prosent av bileta av kvinner. 20 prosent av tekstane er skrivne av kvinner og 20 prosent av intervjuobjekta er kvinner. Det er ei sjølvfølge at menn får styre verda. Dette er ting som avgrensar jenter. Korleis skal dei kunne drøyme stort når det ikkje vert skrive om kvinnelege førebilete? Er det rart gutane har betre sjølvtillit når menn dominerer stort i avisene?

Språket vårt påverkar dei tronge kjønnsrollene. Kvar dag brukar vi skildringar og uttrykk som set folk i bås. Når det er kvinner som spelar fotball vert det kalla «kvinnefotball», medan når det er menn som spelar vert det berre kalla fotball. Det mannsdominerande språket, den sexistiske tankegangen og oppførselen påverkar oss. Dei fleste ord og uttrykk som omhandlar menn er positive, som det å manne seg opp og førstemann. Medan dei fleste som omhandlar kvinner er negative, som sutrekjerring og dramaqueen.

Influensar Ulrikke Falch er ei som har kjempa for å bryte ned forventningane til jenter. Medan andre influensarar legg ut lettkledde bilete av opererte kroppar hjelp ho unge til å vere nøgd med seg sjølv og ikkje kaste vekk livet sitt på å vere eller sjå ut som nokon andre. Sosiale medium øydelegg unge som veks opp i dag. Det er tydelege forventningar til korleis gutar og jenter skal vere. Store bedrifter tener mange millionar på unge si usikkerheit når dei samarbeider med influensarar om produkt som vil endre på utsjånaden til folk. Det er denne bransjen Ulrikke Falch kritiserer. Det er slike som ho som driv verda og samfunnet framover.

Jenter vert også tydeleg diskriminerte i idretten. Heilt frå dei er små får gutane betre garderobefasilitetar, drakter, hovudbaner og trenarar enn jentene. Jenter må konkurrere i bikini og små shortsar berre på grunn av kjønn. Alt dette er med på å presse jenter ut av idretten i ung alder. Det at dei ikkje kan drøyme om å leve av idretten sin på lik linje som gutane, knuser håpet om å ein gong kunne lukkast. Det norske samfunnet er avhengig av forbilde som Ada Hegerberg, Maren Lundby, Marit Bjørgen og Ulrikke Falch.