Det gjekk dessverre berre ei lita stund før venstrevridd media (som eg meiner er mesteparten av all media) retta sine skuldingar mot Israel var i gang igjen. Ufatteleg. Det Israelske militæret og politikarane har hatt og har ei ekstremt vanskeleg oppgåve med korleis dei skal gå fram for å redde gislane av sitt eige folk og eliminere terroristane med minst mogleg skade på sivile i Gaza. Det Hamas vil (som alltid) er å bruke sine eigne sivile som skjold så Israel skal få skulda. Israel varsla dei sivile alltid, så fort det er mogleg, og det er fullt og heilt Hamas si skuld at deira sivilbefolkning lir.

Til skam for norsk presse må eg seie at det er eit merkeleg og uforståeleg fokus å kritisere Israel for deira heilt nødvendige avgjerd om å gå inn med bakkestyrkar for å redde ut gislane og eliminere terroristane. Ein står overfor grufulle terroristar som nettopp har slakta ned eit enormt antal uskuldige menneske i Israel, teke gislar, torturert, halshogga barn, og utført ekstreme valdtekter. Ein terroristorganisasjon som tydeleg seier dei vil utrydde alle jødar og fjerne Israel frå kartet.

Du som då er mest opptatt av å sitte her i trygge Norge og kritisere det Israelske militære og politikarar som gjere alt dei kan for å løyse ei ekstremt vanskeleg oppgåve må kanskje ransake deg sjølv. Enten du er statsminister, journalist, biskop eller mannen i gata. For det er tydeleg at jødehatet framleis lever i beste velgåande og får sterk føde til å ikkje døy av det venstrevridde media. Det er lett å fordømme grusomheitar i fortida. Men ser du kva som skjer no? Med slike haldningar må du nok spørje deg sjølv om du hadde vore på nazistane si side under krigen.

Når media og leiarar i Den norske kyrkja snakkar om grusomheiter på begge sider som om det går an å samanlikne terrorangrep frå Hamas som er fulle av hat og Israel sitt sjølvforsvar for at dei i heile tatt skal kunne eksistere i fred er det ei skam for vår nasjon. Vårt Land svikta jødane under 2. verdskrig og vi bør ikkje gjere det igjen. Denne gongen må vi stå opp for det vesle landet som kjempar ein tapper kamp for sitt folk og for verdsfreden. For min del er det i alle fall sikkert at eg sluttar meg til mottoet : « Wherever I stand, I stand with Israel.»