Stortinget har vedteke alkohollova som gjev ei ramme for alkoholpolitikken her til lands, men det er kommunestyra som har ansvar for den lokale alkoholpolitikken i den einskilde kommunen. Etter alkohollov sin §1-7d har kommunen plikt til å utarbeide og vedta ein alkoholpolitisk handlingsplan.

I dei fleste kommunar er det fagetaten som lagar planen, medan det i nokre kommunar er ein breiare prosess som involverer aktørar med ulik kjennskap til alkohollova og som har ulike meiningar om kva som er god alkoholpolitikk for kommunen.

Formålet med alkohollover er å førebyggje dei samfunnsmessige og individuelle skadane som alkoholbruk kan skape. Dette vil ein oppnå ved å avgrense forbruket av alkohol. Lova set få krav til kva den kommunale alkoholpolitiske handlingsplanen skal innehalde, men ifølge Helsedirektoratet skal planen ha som mål å redusere alkoholkonsumet, og planen skal seie kva verkemiddel ein skal ta i bruk for å nå dette målet.

Som eksempel er nemnd taket på skjenkestadar og redusert skjenketid. Planen bør konkretisere kva tiltak kommunen skal satse på for å nå den landsomfattande målsettinga om å redusere alkoholforbruket slik som det er omtalt i den nasjonale alkoholstrategien.

Det er viktig at kommunen har alkoholfrie møtestadar for ungdom, og alle idrettsarrangement bør vere utan alkohol.

Dersom målet med den alkoholpolitiske handlingsplanen er minst mogleg vald og ordensforstyrring, vil det vere mest tenleg å slutte skjenkinga tidleg. Forsking syner at det er samanheng mellom skjenketid og vald. Dessutan er det mykje kunnskap om skadane som følgjer med bruken av alkohol.

Dei nordiske kosthaldsråda rår til at det ikkje vert drukke alkohol. Folkehelsegevinsten ved å ha ein restriktiv alkoholpolitikk er godt dokumentert. Reguleringa av pris og tilgjengelegheit er effektivt for å redusere alkoholkonsumet og gjev ein gevinst til heile samfunnet.