Medan dei mest sentrale delane av køyretreninga gir dokumentert fråvær, møter bygdefolket på Stranda ei urettferdig praksis som gjev dei unødvendig fråvær og avgrensar skulegangen deira.

Køyretreninga er delt inn i fleire trinn, der kvar del krev ei viss mengd køyretimar og kurs. Medan delar av opplæringa gir gyldig fråvær, blir reisetida til og frå dei næraste trafikkskulane, som Nordfjordeid, Ørsta og Ålesund, ikkje teken omsyn til. Dette fører til at ein enkel køyretime kan resultere i ein heil dag med udokumentert fråvær for elevane frå Stranda.

Det er eit faktum at det er avgrensa tilgang på trafikkskolar i mindre kommunar, og reiseavstanden blir dermed ei vesentleg utfordring for dei som ønskjer å ta førarkortet. Bygda si ungdom blir tvunge til å ta fri frå skulen for å gjennomføre obligatoriske køyreøvingar og kurs. Dette er særleg tydeleg på trinn 2 og 3, der elevane må vurdere om dei har tilstrekkelege ferdigheiter for å gå vidare. Dette blir ei byrde for elevane og legg unødig press på skulefråværet deira.

Det er forståeleg at ikkje alle køyretimane kan sjåast på som gyldig fråvær, men det er nødvendig å vurdere situasjonen til dei som bur i mindre kommunar. Fråværsgrensa på 10 dokumenterte skuledagar per skuleår gjer det ekstra utfordrande for bygdefolket å balansere mellom køyretrening og skulegang. Det bør derfor innførast ei meir rettferdig praksis som tek omsyn til dei ekstra utfordringane som dei i distrikta står ovanfor.

Ein annan problematisk faktor er at verken teoriprøven eller oppkøyringa gir gyldig fråvær. Dette er paradoksalt, sidan desse elementa er essensielle for å oppnå førarkortet. Det er urimeleg at elevar frå Stranda må ta fri to dagar for å gjennomføre desse prøvene, medan dei i byane kan gjere det utan å pådra seg ekstra fråvær.

Løysinga på desse problema ligg i å anerkjenne reisetida og utfordringane for dei som bur i mindre kommunar. Ved å gi gyldig fråvær for teoriprøven, oppkøyringa og fleire av køyretimane på trinn 2 og 3, vil ein kunne sikre at prosessen til førarkortet blir meir rettferdig og tilgjengeleg for alle uavhengig av bustad.