Klock Tjervåg meiner at konferansen er eitt av fleire døme på diskriminering av kvinner.

På vegner av styret i Oksvik-stiftinga kan eg tryggje Klock Tjervåg med at vi på ingen måte har som siktemål å sjå bort frå kvinnelege deltakarar på konferansane våre. Om ein ser tilbake på dei ti åra sidan konferansen vart vekt til live att, vil ein finne at det har vore mange kvinner representerte som både sentrale innleiarar og deltakarar.

Konferansen i år er tidfest til 21. november. Dei to hovudinnleiarane er rett nok begge menn: Mímir Kristjánsson og Ola H. Grytten. Dei vil innleie om temaet «Kvifor produserer velferdsstaten fattigdom? Verdas rikaste land, verdas beste land å bu i, men likevel…».

Det er mange dyktige kvinner som også kunne innleia om dette. Fleire er spurde. Felles for dei er at dei alle takka nei til utfordringa.

Det endelege opplegget for konferansen i november er enno ikkje klart, og vi er i dialog med fleire organisasjonar om deltaking og bidrag. Potensialet for høgare representasjon av kvinner er difor til stades.

Det står respekt av arbeidet Reidun Klock Tjervåg har gjort i likestillingspolitikken, og det er flott at ho framleis er oppteken av temaet. Det trengst. Men det blir feil å nytte Oksvik-stiftinga i argumentasjonen for likestillingsarbeidet.