Eg har fiska laks heilt sidan eg var liten og no brukar eg ofte heile sommarferien min på å fiske etter laks, dette inneber ofte at eg startar klokka 04.00 og avsluttar klokka 23.00. Ofte når eg fiskar er det folk som får laks som har rømt frå oppdrettsanlegg eller så kan ein ofte lese på nettet at det har rømt fleire tusen laks frå oppdrettsanlegga. Så dette er eit tema eg har mykje kjennskap til og kunnskap om.

Oppdrettsnæringa har blitt ein veldig viktig arbeidsplass og inntektskjelde for mange kystkommunar sidan oppstarten på 1970-talet.

Men, som blant anna førsteamanuensis Marit Bjørnevik ved Nord Universitet og veterinær Arve Nilsen ved Veterinærinstituttet har peika på i Fiskeribladet, har den raske veksten sine skuggesider.

Lakseoppdretta skaffar kanskje nok laks slik folk kan få kjøpet til måltida sine, men sjølve lakseoppdretta er ekstremt negativt for villaksen i Norge. Da dei først starta med lakseoppdrett brukte dei genane til de aller beste villaksane dei klarte å skaffe, så dei aller første årene var laksen som var i merdane dei aller beste. Etter kvart som oppdrettet held fram gjennom åra utvikla laksen seg slik den blir større mykje fortare enn villaksen og den har minska svømmeferdigheiter sidan dei lever i merdar der det er heilt stappfullt med laks. Dette er ikkje bra for korleis laksen utviklar seg, no er jo oppdrettslaksen heilt forskjellig i forhold til villaksen som blei brukt i starten.

Det er stadig vekk laks som rømmer frå oppdrettsanlegga og det har store konsekvensar for dei ville laksestammane. For det første når den oppdretta laksen rømmer kan den påverke villaksen i form av redusert genetisk mangfald sidan laksen frå anlegga ikkje er utvikla for å leve i det fri, men i merdar der det er heilt stappfullt og bevegelses er kraftig nedsett. For det andre vil det medføre økt smitte av parasittar som lakselus.

Dette er ein parasitt som truar villaksen fordi oppdrettsnæringa aukar talet med lakselus kvart år med oppimot fleire hundre millionar lus. For det tredje når den oppdretta laksen rømmer vil den prøve å finne seg ein gyteplass, dette skapar da konkurranse for dei ville laksane sidan det kjem ny fisk og tek opp gyteplassane deira, det blir rett og slett ein kamp om gyteplassane.

Eg oppfordrar dykk alle saman til å prøve å fiske dykkar eigen laks i staden for å kjøpe laks frå oppdrettsanlegga! Dette oppfordrar eg dykkar til fordi oppdrettslaksen kan utrydde villaksen om det fortettar slik som det gjer no. Fisk laksen sjølv, boikott oppdrettsnæringa!