Eg er oppteken av at me utviklar Noreg i eit samspel mellom folk og natur. Menneske er ikkje tilskodar til naturen, men tek den i bruk og er ein del av denne.

Verdsarvfjordane er eit godt døme på dette samspelet. Dei hadde ikkje hatt kvalitetane dei har, om dei var urørt av menneske. Me har bygd opp Noreg gjennom bruk av natur. Kulturlandskapet er eit anna døme og mykje dyre-, plante, og insektliv treng dette for å overleve.

I saka i VG var eg heilt klar på at det ikkje er eit mål å bygge ned natur. Me må bruke areal på ny, og me må avgrense bruken av nytt areal. Mykje natur har i dag ulike former for vern. Det vert det meir av.

Eg er likevel heilt overtydd om at og leiaravdelinga i Sunnmørsposten har mange prosjekt på veg, industri og bustad dei er for, og som vil krevje at me tek i bruk nytt areal. Mange bygder opplever attgroing og avvikling. Det må me snu til utvikling.

Eit sterkt jordvern er viktig for å trygge matproduksjonen for framtida. Eit aktivt skogbruk bind karbon og gjev og miljøvenlege råvarer. Det må me ta vare på, og ikkje framstille som noko dårleg.

Eg støttar sjølvsagt opp om Hurdalsplattforma sine formuleringar om natur, men og innafor dei skal det vera rom for å utvikle Noreg slik me til no har gjort i generasjon på generasjon.