Ungdom treng fritida si: Skule er pålagt for alle barn og ungdom i Noreg, dette brukar vi 6 timar av dagen vår på fem dagar i veka, for dei som går på vidaregåande er dei på skulen enda lenger. Etter ein lang dag på skulen er ikkje det første du vil gjere når du kjem heim å begynne på enda meir skulearbeid. I tillegg til lekser er det også prøver og innleveringar som må gjerast.

Søvn hos ungdom: For ungdom mellom 14 og 17 år er anbefalt søvnlengde åtte til ti timar, og alt mellom sju og elleve timar kan reknast som normalt. Ungdommar i dag søv i gjennomsnitt 6 timar og 25 minutt. Dette er alt for lite, og kan skyljast stress med skule.

Det er krevjande og lære seg nye ting, og kan vere vanskeleg og få med seg alt som læraren forklarar på skulen. Då er det vanskeleg når man må sette seg ned og gjere dette aleine.

Fritid: Mange unge har jobb, går på fritidsaktivitetar, heng med vennar og har kjærastar. Det kan vere vanskeleg å balansere alt dette i tillegg til lekser, og det kan vere vanskeleg og få tid for seg sjølv.

Tida på skulen: Hadde ikkje det vore betre om ungdommen var ein time ekstra på skulen og då fekk jobbe med skulearbeid i staden for å fare heim og gjere lekser? Hadde vi vore ein ekstra time på skulen kvar dag, hadde dette gjort opp for leksene. På denne måten hadde det blitt enklare for ungdommen å sleppe og tenkje på lekse når dei kjem heim frå skulen.

Kvifor er det bra å ha leksefri skule?

I ein artikkel frå «Utdanningsnytt» kom det fram at leksefri skole gjorde elevar mindre stressa. Dette er noko eg kan seie meg einig i, eg merkar sjølv at lekser gjer meg stressa og at eg brukar mykje tid til å tenkje på det.