Oppslaga i NRK siste tida har synleggjort det mange av oss har visst lenge: verdfull natur vert bygd ned, bit for bit, i høgt tempo. 44.000 inngrep i naturen på fem år. 79 kvadratmeter tapt natur i minuttet. Sjølv i dei spesielt verdfulle områda, som myrer og villreinområde, forsvinn minst to fotballbanar med natur om dagen.

Artar og leveområde forsvinn, på grunn av menneskeleg verksemd. Over 1 million artar er truga. Kvar gong vi endrar eller gjer inngrep i naturen, vert levestadene til planter, dyr og sopp påverka. Vi menneske er avhengig av ein sunn natur. Naturen sikrar oss mat, vatn og velferd, og intakt natur er det beste vernet mot følgjene av klimaendringar.

Noreg har skrive under på FNs naturavtale. Naturtapet skal stansast, og øydelagd natur skal setjast i stand att. 30 % av all natur på land og i hav, innsjøar og elvar, skal vere verna innan 2030. All natur ligg i ein kommune, og alle inngrep skjer i ein kommune. Kommunane får difor ei sentral rolle i gjennomføringa av det nye regelverket for biologisk mangfald.

Kommune- og fylkespolitikarane til SV vil vere vaktbikkjer for at kommunane i Møre og Romsdal tek vår del av ansvaret. Her er planarbeidet sentralt. Mange planar og kunnskapsgrunnlag er utdaterte.

SV fekk i budsjettforhandlingane med regjeringa på plass ei utvida tilskotsordning der kommunane kan søkje støtte både til utarbeiding av kommunedelplan for naturmangfald, til planrevisjon og til oppdatering av kunnskapsgrunnlaget om naturmangfald. Det vert også løyvt midlar til gjennomføring av tiltak for å vareta naturmangfald.

Vi i SV krev at statsforvaltaren blir pålagt eit sterkare ansvar for å hindre bit-for-bit nedbygging av den norske naturen. Statsforvaltaren sitt høve til å gripe inn må aktivt takast i bruk for å bevare naturen.

Vi har inga tid å misse!

På vegner av Møre og Romsdal SV.