Det er sjeldan at kulturen har fått så mykje plass under et kommuneval, og ikkje minst i etterkant, når eit nytt regime skal overta styringa av det som no etter skilsmissa, må kallast ei restkommune.

Dei nye tonane er at «finkulturen» skal bort, for no skal vi forenkle og gjere det billegare og få seg litt ekstra åndeleg føde.

Det vert spennande og sjå definisjonane på kvar skiljelinjene går mellom den nye typen kultur som skal ut til ålmenta, og finkulturen som skal bort.

Ser i media at kommunedirektøren allereie er borti ein del av det som i alle fall kan verte eit resultat av ymse slag når det gjeld økonomien i kulturarbeidet.

Vi får berre vente og sjå kva som vert resultatet av dette «ryddearbeidet» innan kulturen.

For min del har eg eit forslag som er nesten gratis å ta i bruk.

Det er på tide å fjerne omkamp-kulturen, og la resten av kulturen få vere i fred.

Spesielt for «gamle» Ålesund, har denne kulturen vorte brukt altfor mykje, derfor står ein nå nærmast i spagat for å finne vegen ut av det økonomiske uføret kommunen er i.

For å få til ei anna framdrift, vil eg foreslå og gå til noko så utradisjonelt som og samarbeide om utviklinga av kommunen, og slutte med «omkamp-kulturen» som har vore den mest framståande dei siste åra, og det ser som den lever i beste velgåande.

Og sende «furtebrev» til fylkesmannen og klage på lovlege vedtak, har for tidlegare gamle Ålesund vore meir som ein vane, og no ser eg at denne skal blankpussast ein omgang til.

Eg har ei gratisråd i forhold til godt budsjettarbeid, ein modell vi dreiv med i gamle Skodje kommune før vi kom inn under armane til «Stor-Ålesund».

Tidleg på hausten samla vi administrasjonen, og alle kommunestyrerepresentantane, på ein ekstern plass for å «prate» rundt kva slags utfordringar vi hadde, eller spesielle område vi ville, eller måtte sette fokus på.

Etter eit par dagar med godt arbeid, og ikkje minst godt arbeidsmiljø, la vi grunnlaget for administrasjonen sitt arbeid med og kome med utkast/forslag til korleis vi kunne få ynskja våre oppfylt.

Alle partane kunne sjølvsagt ikkje få alle sine ynskjer oppfylt, men det viktigaste er at når ein skal gjere viktige vedtak i politikken, da må ein forsøkje og få med seg eit skikkeleg fleirtal, slik at når kursen er peika ut, har ein nokolunde «fred i heimen» for å gjennomføre det ein har vedteke.

Knappe fleirtal i viktige vedtakssamanhengar, er berre invitasjonar til omkamp.

Og då kan dette fort også verte ein ukultur.

Eg ynskjer alle styrande eit god budsjett som kan halde kommunen utafor den berømte Robek-lista.