Eg les nok ein gong om alt som må sparast for å få ein sunn økonomi i kommunen vår. Det er mellom anna foreslått kutt i ungdomstilbod og kulturtilbod. MOT som samfunnsbyggar er ein av aktørane som risikerer å miste støtte. Likeins det nye tilbodet i Da Vinci-verkstaden og Atlanterhavsparken.

Vidare er det foreslått å kutte støtte til familiar som slit økonomisk og der borna får støtte for å kunne delta i fritidsaktivitetar. Dette kjem i tillegg til innkjøpsstopp i kommunen og tidlegare forslag til kutt og samanslåingar i skulesektoren.

Samtidig som kuttforslaga blei lagt fram, kom svara på den landsomfattande elevundersøkinga som vart teke i haust.

Kva har elevundersøkinga med kommunale kutt i ungdomstilbod å gjere? Heile laget rundt born og unge må styrkast. Det held ikkje at skulen skal stå aleine i dette. Tilbod som skulane har kunna nytta seg av som alternative opplæringsarenaer, for å kunne styrke og motivere born og unge gjennom ny og spennande metodikk, er foreslått fjerna.

Ålesund kommune kom (samla) ut med eit resultat der 12,4 prosent av elevane på 7. trinn og 15,8 prosent av elevane på 10. trinn opplever å bli mobba. Tilsvarande tal nasjonalt er 12,8 prosent og 10,9 prosent. Trenden er at mobbetala aukar frå år til år. Vidare ser vi nasjonalt sett også eit tydeleg bilete på at motivasjon blant unge minkar.

Skulane jobbar med dette kontinuerleg, men kan ikkje stå aleine. Dei treng alternative opplæringsarenaer, nytenking og fleire yrkesgrupper inn i skulen. Skulen er så mykje meir enn ein fagleg opplæringsarena. Det er arbeidsplassen til borna og ungdommane. Ein viktig sosial arena. Ein møtestad med trygge vaksne som er der for å støtte både fagleg og sosialt.

For å kunne halde fram med dette treng skulen mellom anna fleire miljøterapeutar, fagarbeidarar og yrkesgrupper med fagkompetanse innan mellom anna psykisk helse.

Vi må bygge laget rundt borna, både på skulen og i fritida. Då kan ein ikkje halde fram med å kutte.

Vi veit at fritidsaktivitetar er ei viktig kjelde til fellesskap, identitet og meistring. I 2022 signerte regjeringa Fritidserklæringa, i samarbeid med kommunane, frivillige organisasjonar og andre aktørar.

Gjennom denne forplikta partane seg til å jobbe for at alle born skal få moglegheit til å delta i fritidsaktivitet med andre. Argumentet var at meiningsfulle aktivitetar i fritida er viktig for både den fysiske og psykiske helsa, og grunnlaget for god helse og livskvalitet i oppveksten og gjennom heile livet.

Dette samsvarar lite med det som no blir foreslått redusert eller utsett i Ålesund kommune.

Ålesund kommune har sine budsjettutfordringar og eg veit det er trongt i mange sektorar. Men det er landets framtid vi snakkar om. Noko som i mine auge er den viktigaste investeringa vi kan gjere. For å kunne investere i dei unge håpefulle må vi utvide tilboda og styrke laget rundt dei – ikkje svekke det.