Men – kva med media si rolle når det gjeld livssyn? Er det berre dei religiøse som forkynner sitt livssyn? Stenger avisa ute religiøs forkynning og ikkje sekulær forkynning? Er sekulær – ikkje religiøs forkynning – verdinøytral? Eg har merka meg at redaktøren tidlegare har uttrykt at vi alle har eit livssyn og eit livssyn kan ikkje vere verdinøytralt. Eg har i mange år vore med på å dele ut nytestamente i klasseromma til 8. klasse på Valderøy ungdomsskule.

I år var det første året vi ikkje fekk lov fordi staten, som styrer skulen, rekna dette som forkynning. Samstundes veit vi at FRI/Pride har fått statsstøtte til å trykke sitt livssyn og får både dele ut og forkynne sitt livssyn – «Rosa kompetanse» – i skulen og i barnehagar.

I Norge og i dei fleste kristne landa har ikkje homofili blitt straffa, men dessverre har mange av oss «kristne» og andre vore fordømmande. Det er ikkje kristendomen si skuld, men synd frå oss kristne.

Jesus si lære sei at vi skal elske alle – også våre meiningsmotstandarar – fordi vår Gud elska alle. Berre Gud kan døme rett og domen høyrer Gud til. Det er dette livssynet som ser på «usemje» som noko verdifullt som gir oss fridom. Ser vi på verda i dag, ser vi at det er stort sett «dei kristne landa» i Vesten som har livssynsfridom. Er dei sekulære – ikkje religiøse – i ferd med å ta frå dei religiøse livssynsfridomen i Norge og i vår del av verda – FRI/Pride? Kva vil då skje med ytringsfridomen og demokratiet vårt.

Var det ikkje det kommunistane gjorde. Frukta av kommunismen har vi sett. Det vart ikkje eit paradis på jorda når religiøs «overtru» vart forbode, men meir likt det motsette. Tenk om også dei sekulære – ikkje religiøse – kunne sjå det på same måten at usemje er verdifullt. Då kunne dei sekulære avsløre dei religiøse som kan misbruke Guds namn til eiga makt og ære – Putin, Hitler og kanskje Trump.

Det er vanskelegare å døme sine eigne. Men då må også dei sekulære tole å bli avslørt av dei religiøse – at dei også er ute etter eiga makt og ære. Slik kan vi saman vere med på å ta vare på «den verdifulle uenigheten» som gir oss livssynsfridom, ytringsfridom og demokrati.

Det går an å misbruke – også demokratiet – til å ta fridomen frå mindretalet – det politisk korrekte PK. Vi våger ikkje å vere ueinige med fleirtalet PK. Det førte Tyskland inn i Hitler-styre og Russland inn i Putin-styre. Kan PK i Norge føre oss inn i eit ikkje religiøst diktator-styret i Norge som i dei kommunistiske landa?